Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Anatomi: Tannanatomi og generell anatomi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeTPBAANA
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust + vår (2 påfølgjande semester)

Mål og innhald

Målet med undervisinga i anatomi er at studentane skal tileigne seg kunnskap om normal anatomisk bygnad av kroppen og den sine ulike celle- og vevstypar og organsystem. Det vert lagt særleg vekt på tannanatomi, hovud- og halsanatomi og oral biologi.

Anatomiundervisinga omfattar tannanatomi, cellebiologi, generell anatomi og hovud- og halsanatomi. I tannanatomi vert det gjeven ein detaljert gjennomgang av dei enkelte delane av tyggjeapparatet, og bygnad og spesiell form for dei einskilte tennene i det temporære og permanente tannsettet og en liten introduksjon i okklusjon.

I cellebiologi og generell anatomi vert det gjeven ei generell innføring i kroppen sin bygnad, cellene sin struktur og bygnad, organisering av celler til vev, og samansetninga av vev til organ og til kroppsdelar. Spesielt vekt kommer til å bli lagt på hovud- og hals anatomien, da det blir gjort en grundig gjennomgang av alle anatomiske strukturer i hovudet og halsen og sine tillgrensande regionar.

Oral anatomiundervisninga omfattar mikro- og makroskopisk gjennomgang av de orale vevene, samt beskrivelse av sine funksjoner og samspill. Fysiologiske prosesser som tanndannelse (tannutvikling), tannerupsjon, tannfelling, kjevebeinsbiologi og spyttkjertelfysiologi er også en del av læringsmålet i dette emnet.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne kan studenten beskrive:

  • Enkelte viktige anatomiske definisjonar (nokre også på latin).
  • Normal bygnad av kroppen generelt og på celle-, vev- og organnivå.
  • Normal anatomi av hovudet og halsen, samt tilgrensande regionar.
  • Detaljert nerveforsyning til tenner for å ha teoretisk kunnskap som gjev grunnlag for å kunne gi infiltrasjonsanestesi til tenner og støttevev.
  • Normal bygnad av tann- og orale vev.
  • Normal form til alle forskjellige humane tenner.
  • Normal utvikling av tenner, erupsjon av tenner, tannveksling og dei vanlegaste medfødde misdanningar i andletet.
  • Det mest brukte nomenklatursystemet for humane tenner.

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • Kjenne att humane melke- og permanente tenner og gi dei namn ved hjelp av det mest brukte nomenklatursystemet for humane tenner.
  • Kjenne godt til tennenes og tyggjeapparatets normal anatomi (mikro- og makroskopisk)
  • Kommunisere med anna helsepersonell ved hjelp av anatomiske termar og omgrep.

Krav til studierett

Bachelorprogram i tannpleie

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, praktisk kurs, seminar og kollokvium (totalt rundt 70 underviningstimar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Praktisk kurs i tannanatomi og seminarer.

Etter tannanatomikurset i haustsemesteret vert det arrangert ein 2 timars prøve, med både praktisk og skrifteleg del, som må vere bestått for å gå opp til avsluttande eksamen.

Vurderingsformer

4 timars skriftleg eksamen. Eksamen holdes tidlig i vårsemesteret.

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mitt UiB.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin
studie@biomed.uib.no

Emneansvarlege:
Anca Virtej, https://www.uib.no/personer/Anca.Virtej
og
Panagiota Papadakou, https://www.uib.no/personer/Panagiota.Papadakou