Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fysiologi og ernæringslære

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Undervisninga i fysiologi integrerer læringsutbytet frå anatomi-, kjemi- og biokjemiundervisningen, og har som mål å auke studentane si forståing av korleis kroppen sine organsystem samarbeider for å sikre at alle cellene i kroppen til ei kvar tid lever i eit optimalt miljø. Det vert fokusert på korleis det indre miljøet i kroppen (homeostasen) vert overvaka 24 timar i døgnet gjennom nervøse og hormonelle reflekser, og kvifor denne overvakinga er naudsynt for at kroppen skal fungere normalt.

Læringsutbyttet i fysiologi dannar grunnlag for den påfølgjande undervisninga i ernæringslære, som skal gje innsikt i samspelet mellom kosthold og helse. Målet er at studentane skal verte bevisste på at ernæringsråd som gjeld oral helse også spelar inn på helsa generelt.

Læringsutbyte

Etter fullført emne kan studenten:

Kunnskapar

  • Beskrive sentrale fysiologiske prosessar i menneskekroppen som nervøs og hormonell kontroll, respirasjon og gasstransport, sirkulasjon og muskelkontraksjon og seksualfysiologi.
  • Forstå basal ernæringslære og vite funksjonen til dei viktigaste næringsstoffa, sporstoffa og andre essensielle komponentar i ernæringa.
  • Kjenne til korleis ein samlar kunnskap om ernæringssituasjonen til grupper i befolkninga og kva for anbefalingar for sunt kosthold som vert gjevne.

Ferdigheiter og generell kompetanse

  • Forklare basale fysiologiske og ernæringsmessige forhold som kan påverke helsa til ein pasient.
  • Delta i fagleg diskusjon med medstudentar og undervisarar innan emna fysiologi og ernæringslære.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Totalt rundt 40 timar med førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Forelesninger
  • Laboratoriekurs

Vurderingsformer

4 timars skriftleg eksamen.

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mitt UiB.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

Emneansvarleg:

Arne Tjølsen, https://uib.no/personer/Arne.Tjølsen

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen (Ny eksamen)

    Trekkfrist
    01.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen