Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteremne i tyskspråkleg litteratur (SAK)

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust (Oppstart haust 2013)

Undervisningsstad

Avhengig av om det er studentar frå både NTNU og UiB på emnet.

Dersom det er studentar ved begge lærestadene blir det oppstartseminar ved ein av lærestadene, nettundervisning og lokale seminar ved NTNU og UiB.

Dersom det berre er studentar frå UiB på emnet, blir det campusundervisning i Bergen.

Mål og innhald

TSAK318 tek føre seg eit avgrensa område innanfor moderne tyskspråkleg litteratur og litteraturvitskap, der både historiske,

teoretiske og metodiske spørsmål blir behandla.

Emnet kan til dømes ha eit litteraturhistorisk utgangspunkt eller vere konsentrert omkring forfattarskap, sjangrar eller litteratur- og kulturvitskaplege problemstillingar.

TSAK318 er tilrådd for alle studentar som vil skrive masteroppgåve i litteratur.

Læringsutbyte

Kunnskap

Kandidaten

  • har inngåande kunnskapar om og god innsikt i eit spesialisert tema innan tyskspråkleg litteratur og litteraturvitskap.

Dugleik

Kandidaten

  • kan anvende og reflektere sjølvstendig over teoretiske og metodiske tilnærmingar innanfor eit avgrensa vitskapeleg område.
  • kan presentere, analysere og samanlikne ulike framstillingar, teoriar og metoder innanfor fagområdet.
  • er i stand til å arbeide kritisk med relevante kjelder og bibliografiar
  • kan presentere og sjølvstendig vurdere litteraturvitskapelege problemstillingar
  • kan analysere utvalte litterære tekstar ut frå ulike litteraturvitskaplege perspektiv
  • kan bruke eit presist omgrepsapparat på ulike typar tekstar og problemstillingar.

Grunnkompetanse

Kandidaten

  • kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing.
  • kan bruke eit vitskapleg omgrepsapparat i behandlinga av eit komplekst tema.
  • kan presentere og forholde seg til faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor moderne tyskspråkleg litteraturvitskap på eit adekvat fagspråk, både munnleg og skriftleg.
  • kan bruke sine kunnskapar og ferdigheiter på nye områder for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt.

Tilrådde forkunnskapar

Tysk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i tysk ved UiB/NTNU.

Arbeids- og undervisningsformer

Semesteret kan bli sett i gang med ei heildagssamling (oppstartseminar) i regi av dei to samarbeidande universiteta dersom det er studentar frå både UiB og NTNU på emnet.

Dersom emnet har studentar frå både UiB og NTNU blir den ordinære undervisninga gitt via ei virtuell læringsplattform basert på nettmøte med faste forelesningstider.

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I samband med undervisninga skal det skrivast éi øvingsoppgåve på om lag 2000 ord.

Oppgåva må vere godkjend av den einskilde faglæraren.

Vurderingsformer

Eksamen er ei to vekers oppgåve på ca. 4000 ord ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste, og ein munnleg eksamen på om lag 30 minutt. Den munnlege eksamenen skal vere ein presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne, men det kan òg stillast spørsmål til den skriftlege eksamensoppgåva og pensum. Ved utrekninga av den endelege karakteren tel eksamensoppgåva 60 % og den munnlege eksamenen 40 % .

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav

Litteraturliste

Pensum er på 1000-1500 sider (avhengig av teksttype og grad av fordjuping), litterære tekstar frå eldre og/eller nyare tid, og dessutan inntil 200 sider litteraturteori.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med kvalitetssikringssystema ved dei to universiteta.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve og munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Oppgåve

      Innleveringsfrist
      06.12.2018, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen