Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Tverrprofesjonell læring

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Siste år og/eller i slutten av studiet på profesjonsstudieprogramma.

Deltakande studieprogram:
Universitetet i Bergen: medisin, tannpleie, odontologi, ernæring, logopedi, farmasi, psykologi, juss, musikkterapi.

Høgskolen på Vestlandet: sjukepleie (inkludert helsesjukepleie og desentralisert sjukepleie), fysioterapi, ergoterapi, sosialt arbeid, vernepleie, bioingeniør, barnehagelærar og lærar.

Det medisinske fakultet, Det psykologiske fakultet, Det juridiske fakultet, Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitet i Bergen, Fakultet for helse- og sosialvitskap og avdeling for lærarutdanning ved Høgskulen på Vestlandet.

Undervisningssemester

Haust/vår

Undervisningsstad

Bergen, Øygarden, Askøy

Læringsarenaer: Utredning av pasient/brukar/barn ved arenaer i primærhelsetenesta. Pedagogisk folkehelsearbeid i barnehage.

Samarbeidene praksisarenaer per i dag: sjukeheim, heimeteneste, rehabilitering, barnehage, grunnskule, Lærings- og meistringssenter, Friskliv- og meistringssenter, sosialteneste, butenester til utviklingshemma, etat for barn og familie.

Mål og innhald

Overordna mål: Å trene helseprofesjonsstudentar i tverrfagleg samarbeid

Innhald:Studentane etableres i tverrfaglege team, utreiar pasientar, og skriv tiltaksplan. Tiltaksplanane blir diskutert og kvalitetssikra på dialogmøtet med studentane og tilsette på praksisarenaen, og fasilitator frå TVEPS. Studentane reviderer tiltaksplanane og reflekterer over læringsutbyte i refleksjonsnotat.

TVEPS i barnehage/skule: Studentteam utarbeider et pedagogisk opplegg om folkehelse som blir presentert for ei gruppe barnehagebarn/skuleelevar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kjenner

  • til andre helseprofesjonars kompetanse og kva desse kan bidra med i pasientarbeid
  • betydinga av å samarbeide med pasient / klient / brukar

Studenten har

  • kunnskap om betydinga av tverrprofesjonelt samarbeid

Ferdigheiter

Studenten kan

  • formidle eiga vurdering til samarbeidande profesjonsgrupper
  • nytta eiga fagleg kompetanse i samarbeid med andre profesjonsgrupper til det beste for pasient/klient/bruker
  • delta aktivt i gjennomføring av en tverrprofesjonell utgreiing av pasient/klient/brukar

 Generell kompetanse

Studenten kan

  • kommunisere om faglege problemstillingar og tiltak innanfor fagområdet med andre helseaktørar
  • reflektere over eiga rolle i grupper og gruppeprosessar

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

TVEPS-praksis: Total arbeidsmengd = 20 timer

  • Forberedelser før/etter oppstartsmøtet (1,5 timer)
  • Oppstartsmøte - på ettermiddagstid (1,5 timer)
  • Utredningsdag - hel dag med praksis på arbeidsplass (6 timer)
  • Samarbeid om tiltaksplan (6 timer)
  • Dialogmøte (2 timer)
  • Revidering av tiltaksplan (2 timer)
  • Refleksjon spørreskjema i etterkant av selve praksisen (1 time)

I barnehage:

  • Forberedelser før/etter oppstartsmøtet (1,5 timer)
  • Oppstartsmøte - på ettermiddagstid (1,5 timer)
  • Forberede pedagogisk opplegg (10 timer)
  • Praksisdag med dialogmøte (6 timer)
  • Refleksjon spørreskjema i etterkant av selve praksisen (1 time)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltakelse, levert refleksjonsnotat og evalueringsskjema.

Vurderingsformer

Mappevurdering:

  • Tiltaksplan/skisse for pedagogisk opplegg
  • Refleksjonsnotat/evalueringsskjema

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Litteraturliste

Det ligg ikkje pensum til emnet

Emneevaluering

Kvart semester

Programansvarleg

Det medisinske fakultet

Emneansvarleg

Ane Johannessen, https://www.uib.no/personer/Ane.Johannessen

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

 Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

tveps@uib.no

Alt om TVEPS: www.uib.no/tveps

Eksamensinformasjon