Introduksjon til tv-produksjon og akademisk skriving

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane ei praktisk-teoretisk innføring i audiovisuell medieproduksjon som førebur dei på det vidare studieløpet.

Føremålet med den praktisk retta undervisinga er å gi studentane den tekniske basiskompetansen og mengdetreninga som ligg til grunn for resten av studiet. Her får studentane opplæring i korleis ein nyttar relevant utstyr og software, samt innsikt i grunnleggjande handverksmessige prinsipp knytt til klipping, foto/lys og lyd.

Den teoretiske undervisinga har som føremål å gi ei innføring i sentrale akademiske tenkemåtar, metodar og ressursar. Her lærer studentane å finne fram til og å bruke relevante akademiske kjelder. Dei lærer om referanseteknikk og god sitatskikk, samt kva som kjenneteiknar akademisk skriving. Studentane lærer òg konvensjonane for ulike akademiske sjangrar, slik at dei seinare i studieløpet veit kva ei akademisk oppgåve og ein produksjonsrapport skal innehalde, og kvifor.

Emnet legg samstundes vekt på å synleggjere vekselverknadene mellom praksis og teori, både når det gjeld kunnskapar og ferdigheiter.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om handverksmessige prinsipp og faglege vurderingar knytte til foto, lys, lyd og klipp
  • har grunnleggjande forståing for samspelet mellom teknologi og arbeidsformer i moderne medieproduksjon.
  • kjenner til arbeidsoppgåvene som ligg til ulike fagfunksjonar på ulike typar innspelingar, samt rollefordeling og (sam)arbeidsfordeling.
  • Forstår kva som er føremålet med akademiske kjelder, og kan finne fram til relevante kjelder i oppgåver som analyserer og reflekterer kring medieproduksjon og -praksis.

Ferdigheiter:

  • Studenten kan bruke dei sentrale funksjonane på relevant teknisk utstyr og programvare. Nærare bestemt:
    • skal vere i stand til å ta vare på utstyret
    • kan skrive akademiske oppgåver som analyserer og reflekterer kring medieproduksjon og -praksis frå ein akademisk ståstad

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere grunnleggande arbeidsoppgåver innan tv-produksjonar som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan utveksle synspunkt og røynsler med andre som har ein bakgrunn innanfor fagområdet TV-produksjon, og såleis bidra til å utvikle god praksis
  • kan reflektere over og justere eigen praksis på bakgrunn av tilbakemeldingar frå fagleg stab på praktiske øvingar
  • kan formidle sentralt fagstoff innan medieproduksjon, slik som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon

INFOMEVI106 (10 sp) TVP101 (10 sp) MEPRO100 (10 sp)

Studentar som har tatt eitt eller fleire av desse emna tidlegare, må ta kontakt med studierettleiar.

Krav til studierett
Bachelorprogram i TV-produksjon.
Arbeids- og undervisningsformer
Teknisk trening, produksjonar og førelesningar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Gjennomføring av teknisk opplæring
  • Deltaking på praktiske øvingsoppgåver
  • Gjennomføring av praktiske produksjonar/øvingsoppgåver
  • Innlevering av skriftlege øvingsoppgåver
  • Studentane vil få nærare informasjon om obligatoriske aktivitetar og timeplan ved semesterstart.

    Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

    Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

    Vurderingsformer

    Skriftleg emneoppgåve der studentane skal mobilisere det dei har tileigna seg av kunnskap og ferdigheiter om akademisk skriving og akademiske tenkemåtar. 2500-3000 ord.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    Bestått / ikkje bestått
    Vurderingssemester

    Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning
    Programansvarleg
    Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap.
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet