Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Introduksjon til TV-produksjon

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane teknisk basiskompetanse og mengdetrening som gjer dei budde på det vidare studieløpet.

Emnet er eit introduksjons- og førebuingskurs, sett saman av tre modular.

Modul 1 er eit teknisk grunnkurs i bruk av filmkamera, lyssetjing, lydopptak og redigeringsprogram. Delar av den tekniske instruksjonen kan skje saman med det profesjonsbaserte programmet BASV-JOU. Tilhøyrande førelesingar relaterer den grunnleggjande tekniske opplæringa til praktisk medieproduksjon i ulike konkrete samanhengar.

Modul 2 gjev en introduksjon til dagens TV-bransje og -produksjon gjennom møter med sentrale medie- og produksjonsselskap.

Modul 3 består av praktisk arbeid, der studentane skal nytta kunnskapen frå den tekniske treninga i eigen praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om handverksmessige prinsipp og faglege vurderingar knytte til foto, lys, lyd og klipp
  • har grunnleggjande forståing for samspelet mellom teknologi og arbeidsformer i moderne medieproduksjon.
  • kjenner til arbeidsoppgåvene som ligg til ulike fagfunksjonar på ulike typar innspelingar, samt rollefordeling og (sam)arbeidsfordeling.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan bruke dei sentrale funksjonane på relevant teknisk utstyr og programvare. Nærare bestemt:
    - bruk av kamera
    - redigeringsprogram inkludert filbasert workflow, kjennskap til ulike filformat/komprimering/codec
    - lyssetjing i studio, lære kva ulike lampar og filter heiter og kva funksjon dei har, lære om fargetemperatur, gels, komplementære fargar, direkte og indirekte lys
    - lyd: opptakar, miksar, opptaksformat, filbasert workflow, komprimering, mating av redigeringsprogram
  • skal vere i stand til å ta vare på utstyret

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere varierte oppgåver innan tv-produksjonar som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan utveksle synspunkt og røynsler med andre som har ein bakgrunn innanfor fagområdet TV-produksjon, og såleis bidra til å utvikle god praksis
  • kan reflektere over og justere eigen praksis på bakgrunn av tilbakemeldingar frå fagleg stab på praktiske øvingar

Studiepoengsreduksjon

INFOMEVI106 (10 sp)

Studentar som tidligare har gjennomført INFOMEVI106 vil få fritak frå TVP101, så lenge dei følgjer deler av den tekniske opplæringa i TVP101. Dersom du har tatt INFOMEVI106 tidlegare, må du ta kontakt med studierettleiar.

Krav til studierett

Bachelorprogram i TV-produksjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Teknisk trening, produksjonar og førelesningar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Gjennomføring av teknisk opplæring
  • Gjennomføring av produksjonar

Studentane vil få nærare informasjon om obligatoriske aktiviteter og timeplan ved semesterstart.

Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Tre praktiske deleksamenar: Studentane får i oppgåve å lage tre korte filmar i grupper i løpet av semesteret.

Alle deleksamenar må vurderast som bestått for at ein skal bestå kurset.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Tre praktiske deleksamenar

    Trekkfrist
    13.09.2019
    • Eksamensdel: Praktisk deleksamen 1

      Innleveringsfrist
      27.09.2019, 14:00
    • Eksamensdel: Praktisk deleksamen 2

      Innleveringsfrist
      25.10.2019, 14:00
    • Eksamensdel: Praktisk deleksamen 3

      Innleveringsfrist
      01.11.2019, 14:00