Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Konsept- og idéutvikling I

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Å utvikle konsept og idear, og ikkje minst å skrive profesjonelle manus for tv-fiksjon, krev store dosar mengdetrening. Dette emnet har først og fremst som mål å bevisstgjere studentane om manusprosessen, og gi verdifull røynsle med å utvikle idear, vinklingar og manus, og nokre av desse skal også produserast i løpet av semesteret. Emnet har fem modular.

Modul 1 Dramaturgiske konvensjonar i film- og tv-fiksjon

Førelesingar om narrativ teori skal gjere studenten merksam på ulike bestanddelar og strukturelle moglegheiter i forteljinga. Førelesingane skal også gi kunnskap om dramaturgiske konvensjonar i film, tv-seriar og webseriar. Desse teoretiske førelesingane om narrativ teori og sjangerteori legg også vekt på å analysere og dissekere eksisterande manus, slik at studenten tileignar seg evna til kritisk å vurdere eiga skriving. Knytt til dette ser, diskuterer og vurderer studenten relevante døme på filmar og TV-seriar. Førelesingane blir supplerte av førelesingar/workshops med praksislærar/gjester.

Modul 2 Manusutvikling

Praktisk arbeid med manusutvikling skal utvikle både skrivedugleik og evna til å bruke innsiktene frå den teoretiske undervisinga i eige arbeid.

Modul 3 Underhaldningsformat

Gjennom gjesteførelesingar og seminar skal studenten tileigne seg ei bransjenær forståing av konsept- og formatutvikling innanfor ulike underhaldningssjangrar i TV. Studenten får praktisk trening i å utvikle underhaldningsformat, og skal lage ein promofilm for eitt slikt konsept som skal pitchast for bransjen.

Modul 4 Studioproduksjon

Gjennom praktiske øvingar skal studentane tileigne seg grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter knytt til studioproduksjon. Øvingane kan variere frå semester til semester, men omfattar typisk bruk av greenscreen-teknologi, keying, intervjuteknikk og studioavvikling.

Modul 5 Reportasjesjangeren

Studentane skal lære seg å utvikle idear og vinklingar for kortare reportasjar, og å planleggje og gjennomføre filming av desse.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om manusutvikling og skriving som fag og handverk
  • har kunnskap om manusprosessen i ulike typar fiksjonsproduksjonar, om korleis arbeidet blir strukturert, og kva som er fordelane med å strukturere arbeidet på ulike måtar, til dømes på ein filmproduksjon samanlikna med på ein tv-produksjon, eller på miniseriar samanlikna med fleirsesongdrama
  • har innsikt i korleis bransjen arbeider med formatutvikling (konsept, sjanger, målgruppe, pitching, rettigheiter, vidaresal)
  • har ei grunnleggjande forståing av sentrale aspekt ved studioproduksjon, inkludert den tekniske infrastrukturen og arbeidsflyten
  • har god kunnskap om reportasjens sjangerkonvensjonar

Ferdigheiter

Studenten

  • har grunnleggjande ferdigheiter i manusskriving, og kan anvende teoretiske innsikter om idéutvikling, karakterbyggjing/karakterutvikling og dramaturgiske prinsipp i eige arbeid
  • kan anvende teoretisk kunnskap og bransjekunnskap om formatutvikling i arbeidet med eit eige underhaldningsformat
  • får øve opp ferdigheiter i pitching
  • kan anvende relevant teknologi i studioproduksjon, og gjennomføre enkle studioproduksjonar
  • kan utvikle idear og vinklingar for korte reportasjeinnslag, og planleggje og gjennomføre praktiske produksjonar innanfor formatet

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante teoretiske og praktiske fag- og yrkesetiske problemstillingar innan fagområdet konsept- og manusutvikling
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein teoretisk og praktisk bakgrunn innanfor fagområdet, og såleis bidra til å utvikle god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan konsept- og manusutvikling

Krav til forkunnskapar

TVP101 og TVP102

Tilrådde forkunnskapar

MEPRO100

Arbeids- og undervisningsformer

Workshop/forelesningar/visingar/diskusjon/seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Gjennomføring av workshop i studioproduksjon.
  • Produksjon av reportasjar.
  • Utvikle konsept for underhaldningsformat i tv med tilhøyrande promofilm. Konseptet skal pitchast for bransjen (gruppevis).

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

  • Manus til ein webserie i tre episodar à 5-8 minutt. Dette manuset skal vidareutviklast fram mot femte semester (individuell eller gruppebasert innlevering). Teller 60 %.
  • Refleksjonsrapport til webseriemanuset på 3000 ord (pluss/minus 10%). Teller 40 %.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Manus og rapport

    Trekkfrist
    14.11.2019
    • Eksamensdel: Manus webserie

      Innleveringsfrist
      28.11.2019, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Refleksjonsrapport

      Innleveringsfrist
      11.12.2019, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen