Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Utplassering/webserie

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterArray
  • EmnekodeTVP201
  • Talet på semester
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Erstattast av TVP202 (haust 2020) og TVP203 (haust 2020 og vår 2021).

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studenten relevant arbeidsrøynsle gjennom utplassering hjå samarbeidspartnarar i og utanfor klynga, å vidareutvikle ferdigheitene i manusutvikling, og å sikre meir spesialiserte kunnskapar og ferdigheiter innanfor éin fagfunksjon gjennom workshoppar og produksjon av ein webserie.

Emnet består av tre modular.

Modul 1: Spesialisering

Dette semesteret skal studentane velje fagfunksjon: anten regi, foto, klipp, lyd eller produsent. Semesteret byrjar med ein serie workshoppar som skal gje kvar einskild student meir avanserte kunnskapar om, og ferdigheiter i, si spesialisering. Studentane blir delte inn i grupper etter fagfunksjon, og følgjer i hovudsak separate workshoppar. Delar av undervisinga er likevel felles for fleire fagfunksjonar.

Studentane har i byrjinga av semesteret høve til å vidareutvikle/bearbeide manuset til piloten til webserien dei skreiv i det tredje semesteret.

I denne modulen ligg også praksisførebuing, der studentar og samarbeidspartnarar frå bransjen møtest. Målet er å sikre at alle studentane blir utplasserte i eit fagleg relevant miljø med fagleg relevante arbeidsoppgåver, og at verksemdene får inn motiverte og vel førebudde studentar.

Modul 2: Webserie

Studentane skal i grupper produsere kvar sin kortproduksjon.

Modul 3: Utplassering

Studentane blir i inntil to månader utplasserte i ei mediebedrift som gir dei relevant arbeidsrøynsle innanfor den einskilde sin fagfunksjon. Dette skjer i samarbeid med bransjeaktørar i og utanfor Media City Bergen. Studentane skal levere ein rapport med dokumentasjon om utplasseringsperioden.

Til slutt i semesteret er det fellesvising av alle haustens produksjonar der publikum gir tilbakemelding på arbeidet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap og røynsle som er relevant for sin fagfunksjon gjennom utplassering i lokal mediebedrift. Det vil vere aktuelt med utplassering både hjå partnarar i MCB og hjå aktørar utanfor klynga

Ferdigheiter

Studenten

  • har gode ferdigheiter i manusskriving gjennom vidareutvikling og bearbeiding av innleveringa frå tredje semester, under rettleiing frå praksislærar
  • har spesialiserte ferdigheiter innan ein av fagfunksjonane regi, foto, lyd, klipp eller produsent i samband med innspeling av, og etterarbeid med, webserie

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innan sin valde fagfunksjon
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein teoretisk og praktisk bakgrunn innanfor fagfunksjonen, og såleis bidra til å utvikle god praksis
  • kan utveksle synspunkt og røynsler med andre med bakgrunn innanfor valde fagfunksjon, og gjennom det bidra til utvikling av god praksis
  • kan planlegge og gjennomføre varierte oppgåver innan tv-produksjonar som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe med ulike fagfunksjonar, og i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan sin fagfunksjon, men også sett i samanheng med andre fagfunksjonar

Krav til forkunnskapar

TVP101, TVP102, TVP103, TVP104

Tilrådde forkunnskapar

MEPRO100

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogrammet i tv-produksjon

Arbeids- og undervisningsformer

Utplassering/praksis

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på utplassering
  • Levere rapport/audiovisuell dokumentasjon frå utplasseringa
  • Bearbeide manus til pilot til webserie

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Ein praktisk gruppeproduksjon: pilot til webserie på rundt 5 minutt, der kvar gruppe består av studentar med spesialisering i høvesvis regi, foto, klipp, produksjon eller lyd.

Kvar student får individuell vurdering av det praktiske arbeidet innan eigen fagfunksjon.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen blir berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt