Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Fagspesialisering

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust 2020.

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å vidareutvikle ferdigheitene i manusutvikling, og å sikre meir spesialiserte kunnskapar og ferdigheiter innanfor éin fagfunksjon gjennom workshoppar og ein kortproduksjon.

Emnet består av to modular.

Modul 1: Spesialisering

Dette semesteret skal studentane velje fagfunksjon: anten regi, foto, klipp, lyd, eller produsent. Semesteret byrjar med ein serie workshoppar som skal gi kvar einskild student meir avanserte kunnskapar om, og ferdigheiter i, si spesialisering. Studentane blir delte inn i grupper etter fagfunksjon, og følgjer i hovudsak separate workshoppar. Delar av undervisninga er likevel felles for fleire fagfunksjonar.

Modul 2: Kortproduksjon

Studentane skal lage ein kortproduksjon (nærare informasjon om denne blir gitt ved semesterstart).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap og røynsle som vil bli relevant for sin fagfunksjon gjennom utplassering i lokal mediebedrift i siste semester. Det vil vere aktuelt med utplassering både hjå partnarar i MCB og hjå aktørar utanfor klynga.

Ferdigheiter

Studenten

  • har spesialiserte ferdigheiter innan ein av fagfunksjonane regi, foto, lyd, klipp eller produsent.

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innan sin valde fagfunksjon
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein teoretisk og praktisk bakgrunn innanfor fagfunksjonen, og såleis bidra til å utvikle god praksis
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor valde fagfunksjon, og gjennom det bidra til utvikling av god praksis
  • kan planlegge og gjennomføre varierte oppgåver innan tv-produksjon, aleine og som deltakar i ei gruppe med ulike fagfunksjonar, og i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kjenner til nytenkjing og innovasjonsprosessar innan sin fagfunksjon, men også sett i samanheng med andre fagfunksjonar

Krav til forkunnskapar

TVP101, TVP102, TVP103, TVP104

Tilrådde forkunnskapar

MEPRO100

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogrammet i tv-produksjon

Arbeids- og undervisningsformer

Workshops/førelesingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på spesialisering/workshops.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Ein praktisk produksjon, der studentane medverkar innan sin fagfunksjon (regi, foto, klipp, lyd, eller produksjon).

Kvar student får individuell vurdering av det praktiske arbeidet innan eigen fagfunksjon.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen blir berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Produksjon

    Innleveringsfrist
    30.10.2020, 14:00
    Trekkfrist
    09.10.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen