Utplassering
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeTVP203
- Talet på semester2
- Språk
Norsk
- Ressursar
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust 2020 og vår 2021.
Undervisningsstad
Praksisførebuing føregår i UiB sine undervisningslokale i Media City Bergen. Utplassering skjer i lokale mediebedrifter.
Oppdatert: Utplasseringa kan også føregå i form av internpraksis. (Gjeld vår 2021)
Mål og innhald
Emnet består av to modular:
Modul 1: Praksisførebuing (haust)
Studentar og samarbeidspartnarar frå bransjen møtest. Målet er å sikre at alle studentane blir utplasserte i eit fagleg relevant miljø med fagleg relevante arbeidsoppgåver i påfølgjande semester, og at verksemdene får inn motiverte og vel førebudde studentar.
Modul 2: Utplassering (vår)
Studentane blir i inntil to månader utplasserte i ei mediebedrift som gir dei relevant arbeidsrøynsle. Dette skjer i samarbeid med bransjeaktørar i og utanfor Media City Bergen. Studentane skal levere ein rapport med audiovisuell dokumentasjon om utplasseringsperioden.
Oppdatert: Utplasseringa kan også føregå i form av internpraksis. (Gjeld vår 2021)
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
- har arbeidserfaring og røynsle frå utplassering i lokal mediebedrift.
Ferdigheiter
Studenten
- har kunnskap og erfaring som vil bli relevant for sin fagfunksjon gjennom utplassering i lokal mediebedrift i siste semester.
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere kritisk over egen praksis med utgangspunkt i akademiske perspektiv og tenkemåta.
- kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
Oppdatert: Utplasseringa kan også føregå i form av internpraksis. (Gjeld vår 2021)
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
TVP201 (10 studiepoeng)
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogrammet i tv-produksjon
Arbeids- og undervisningsformer
Deltaking på utplasseringsførebuing
Deltaking på utplassering
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på utplassering
Oppdatert: eller internpraksis. (Gjeld vår 2021)
Vurderingsformer
Rapport / audiovisuell dokumentasjon frå utplasseringa
Oppdatert: eller frå internpraksis. (Gjeld vår 2021)
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.
Kontakt
Kontaktinformasjon
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Rapport / audiovisuell dokumentasjon
- Innleveringsfrist
- 11.06.2021, 14:00
- Trekkfrist
- 28.05.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen