Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Fordjuping i fagfunksjon

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å å sikre studentane meir spesialiserte kunnskapar og ferdigheiter innanfor éin fagfunksjon gjennom workshoppar og førebuingsarbeid til bachelorproduksjonane i siste semester, å gi studentane kunnskap om og ferdigheiter i manusutvikling, og å planleggje/tilretteleggje praksisperioden mot slutten av studiet.

Emnet består av fire modular.

Modul 1: Spesialisering

Dette semesteret skal studentane velje fagfunksjon: anten regi, foto, klipp, lyd eller produsent.

I samband med dette følgjer studentane ein serie workshoppar som skal gje den einskilde meir avanserte kunnskapar om, og ferdigheiter i, sin spesialisering. Studentane blir delte inn i grupper etter fagfunksjon, og følgjer i hovudsak separate workshoppar. Delar av undervisinga er likevel felles for fleire fagfunksjonar.

Modul 2: Praksisførebuing

I denne modulen skal studentane gjera greie for sine faglege kompetansar og yrkesmessige ambisjonar i samband med utplasseringa. Målet er å sikre at alle studentane blir utplasserte i eit fagleg relevant miljø med fagleg relevante arbeidsoppgåver, og at verksemdene får inn motiverte og vel førebudde studentar.

Modul 3: Preproduksjon

I denne modulen skal studentane bearbeide og analysere manusa som dannar grunnlag for bachelorproduksjonane. Dette tjener som vidareutvikling av studentane sine kunnskapar og ferdigheiter i deira fagfunksjon gjennom førebuingsarbeid til bachelorproduksjonane, og involverer typisk oppgåver som å finne locations, casting, prøveopptak og produksjonsplanleggjing.

Modul 4: Oppdragsfilm

I denne modulen skal studentane utføre diverse praktisk produksjonsarbeid, som typisk vil vere UiB-internt. Føremålet er å byggje ytterlegare kompetanse i eigen fagfunksjon, og å lære meir om samarbeidsrelasjonar på ulike typar medieproduksjonar. Modulen er også eit høve for gruppene til å leggje seg opp eit produksjonsbudsjett til bachelorfilmane.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten

  • har analytisk og teoretisk kunnskap som er relevant for sin fagfunksjon gjennom spesialiseringsworkshopane
  • har kunnskap om dramaturgi, narrativ terori og sjangerteori
  • har bransjekunnskap gjennom praksisførebuingsarbeidet

Ferdigheiter

Studenten

  • har spesialiserte ferdigheiter innan ein av fagfunksjonane regi, foto, lyd, klipp eller produsent i samband med spesialiseringsworkshoppar og preproduksjon til bachelorproduksjonane
  • har meir praktisk røynsle med oppdragsfilm

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innan sin valde fagfunksjon
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein teoretisk og praktisk bakgrunn innanfor fagfunksjonen, og såleis bidra til å utvikle god praksis
  • kan utveksle synspunkt og røynsler med andre med bakgrunn innanfor valde fagfunksjon, og gjennom det bidra til utvikling av god praksis
  • kan planlegge og gjennomføre varierte oppgåver innan tv-produksjonar som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe med ulike fagfunksjonar, og i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan sin fagfunksjon, men også sett i samanheng med andre fagfunksjonar

Krav til forkunnskapar

TVP101, TVP102, TVP103, TVP104

Tilrådde forkunnskapar

MEPRO100

Studiepoengsreduksjon

MEVI254 (10 studiepoeng)

TVP202 (20 studiepoeng)

TVP203 (10 studiepoeng)

TVP201 (30 studiepoeng)

Krav til studierett

Bachelorprogram i TV-produksjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, workshops, praktisk arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking i etableringa av gruppebaserte prosjektutviklingsarbeidet. Dette gjer faglærar nærare greie for på orienteringsmøtet, så det er viktig at alle stiller på første samling, og deltek for fullt under oppstartsveka.
  • Skriveøving
  • Deltaking på spesialiseringsworkshoppar, og praktisk arbeid i samband med desse
  • Deltaking på praksisførebuing
  • Deltaking på oppdragsfilm

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

TVP103 gir fritak fra manusmodulen.

Vurderingsformer

Muntlig gruppepresentasjon av preproduksjonsarbeidet.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen blir berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB. 

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet. 

Eksamensinformasjon