Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Bacheloroppgåve i TV-produksjon

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeTVP250
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ytterlegare fordjuping i fagfunksjonen deira ved at dei blir delte inn i kvar si gruppe som skal spele inn kvar sitt manus til ein webserie i fire delar på til saman rundt 30 minutt, skrive av masterstudentar på programmet i manusutvikling for seriar. Målet er å gje studentane praktisk-analytisk spisskompetanse innanfor ei fagspesialisering, først gjennom tilrettelagte workshops og deretter gjennom arbeidet med produksjonen. Emnet legg òg vekt på å fremje kunnskap og kompetanse om samarbeidsrelasjonar. Masterstudentane som har skrive manusa som skal realiserast er òg involverte, særleg innleiingsvis, og har diskusjonar med produsenten, som skal vere med å forme prosjektet kreativt og logistisk, og med regissør/fotograf, som skal utforme det stilistiske uttrykket. Det er sett av eit eige produksjonsbudsjett til innspelinga av dei fire webseriane.

Studentane tar også del i ein workshop om entreprenørskap saman med studentane frå dei to andre profesjonsorienterte medieutdanningane.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har solid kunnskap om, og ferdigheiter innan, si fagspesialisering innan serieproduksjon

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre ein webserie i samarbeid med andre, i tråd med faglege krav og retningslinjer

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere kritisk over eigen praksis med utgangspunkt i akademiske perspektiv og tenkemåtar
  • kan planlegge og gjennomføre varierte oppgåver innan tv-produksjonar som strekkjer seg over tid, aleine innanfor eigen fagspesialisering, men òg som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt og røynsler med andre med bakgrunn innan sin fagfunksjon, og gjennom det bidra til utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan sin fagfunksjon, men også sett i samanheng med andre fagfunksjonar

Krav til forkunnskapar

MEPRO100, TVP101, TVP102, TVP103, TVP104, TVP201

Studiepoengsreduksjon

TVP250 gir ein reduksjon på 15 studiepoeng i kombinasjon med MEVI250

Krav til studierett

Reservert for studentar ved bachelorprogrammet i tv-produksjon

Arbeids- og undervisningsformer

Workshop/seminar

Vurderingsformer

Deleksamenar:

Eksamen består av to arbeid: ein praktisk gruppeproduksjon (webserie i fire episodar à 7-8 minutt) og ein individuell produksjonsrapport som reflekterer over rolla til eigen fagfunksjon og kreative val i arbeidet med webserien

Kvar student får individuell karakter på det praktiske arbeidet innan eigen fagfunksjon og på produksjonsrapporten. Det praktiske arbeidet tel 60%, medan produksjonsrapporten tel 40%

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt