Bachelorproduksjon
- Studiepoeng20
- Undervisingssemester
- EmnekodeTVP260
- Talet på semester
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
20 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Media City Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane ytterlegare fordjuping i fagfunksjonen deira ved at dei blir delte inn i kvar si gruppe som skal spele inn kvar sitt manus til ein webserie, skriven av masterstudentar på programmet i manusutvikling for seriar. Målet er å gje studentane praktisk-analytisk spisskompetanse innanfor ei fagspesialisering gjennom arbeidet med produksjonen. Emnet legg òg vekt på å fremje kunnskap og kompetanse om samarbeidsrelasjonar.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har solid analytisk og teoretisk kunnskap som er relevant for sin fagfunksjon gjennom spesialiseringsworkshoppar, praktisk arbeid og produksjonsrapport
Ferdigheiter
Studenten
- har spesialiserte ferdigheiter innan ein av fagfunksjonane regi, foto, lyd, klipp eller produsent i samband med spesialiseringsworkshoppar og produksjon av bachelorfilmar
- kan planlegge og gjennomføre ein avansert produksjon i samarbeid med andre, i tråd med faglege krav og retningslinjer.
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere kritisk over eigen praksis med utgangspunkt i akademiske perspektiv og tenkemåtar.
- kan planleggje og gjennomføre varierte oppgåver innan tv-produksjonar som strekkjer seg over tid, aleine innanfor eigen fagspesialisering, men òg som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
- kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
- kan utveksle synspunkt og røynsler med andre med bakgrunn innan sin fagfunksjon, og gjennom det bidra til utvikling av god praksis.
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan sin fagfunksjon, men også sett i samanheng med andre fagfunksjonar.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Reservert for studentar ved bachelorprogrammet i tv-produksjon
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, workshops, praktisk arbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på eventuell undervisning i eiga spesialisering.
Vurderingsformer
Deleksamenar:
Eksamen består av to arbeid: ein praktisk gruppeproduksjon (webserie) og ein individuell produksjonsrapport som reflekterer over rolla til eigen fagfunksjon og kreative val i arbeidet med webserien.
Kvar student får individuell karakter på det praktiske arbeidet innan eigen fagfunksjon og på produksjonsrapporten. Det praktiske arbeidet vert tillagt mest vekt i vurderinga.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.