Bachelorproduksjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ytterlegare fordjuping i fagfunksjonen deira ved at dei i grupper skal produsere kvar sin eksamensfilm. Studentane vil typisk realisere manus frå masterprogrammet i manusutvikling, men det vil vere høve til å gjere andre typar produksjonar om det er produksjonskapasitet til det. Format og omfang skal godkjennast av faglærar, men innleveringa skal svare til minst 3 månader med intensivt produksjons- og postproduksjonsarbeid. Målet er å gje studentane praktisk-analytisk spisskompetanse innanfor ei fagspesialisering gjennom arbeidet med produksjonen. Emnet legg òg vekt på å fremje kunnskap og kompetanse om samarbeidsrelasjonar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har solid analytisk og teoretisk kunnskap som er relevant for sin fagfunksjon gjennom spesialiseringsworkshoppar, praktisk arbeid og produksjonsrapport

Ferdigheiter

Studenten

  • har spesialiserte ferdigheiter innan ein av fagfunksjonane regi, foto, lyd, klipp eller produsent i samband med spesialiseringsworkshoppar og produksjon av bachelorfilmar
  • kan planlegge og gjennomføre ein avansert produksjon i samarbeid med andre, i tråd med faglege krav og retningslinjer.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere kritisk over eigen praksis med utgangspunkt i akademiske perspektiv og tenkemåtar.
  • kan planleggje og gjennomføre varierte oppgåver innan tv-produksjonar som strekkjer seg over tid, aleine innanfor eigen fagspesialisering, men òg som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
  • kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
  • kan utveksle synspunkt og røynsler med andre med bakgrunn innan sin fagfunksjon, og gjennom det bidra til utvikling av god praksis.
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan sin fagfunksjon, men også sett i samanheng med andre fagfunksjonar.

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
TVP101, TVP102, TVP103, TVP104, TVP204
Tilrådde forkunnskapar
MEPRO100
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Reservert for studentar ved bachelorprogrammet i tv-produksjon
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, workshops, praktisk arbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på eventuell undervisning i eiga spesialisering.
Vurderingsformer

Mappevurdering:

Ein praktisk produksjon - typisk gruppebasert - som reflekterer minst 3 månader med intensivt arbeid med produksjon og postproduksjon.

Ein individuell produksjonsrapport som reflekterer over rolla til eigen fagfunksjon og kreative val i arbeidet med eksamensfilmen.

Det blir gitt ein samla karakter for det praktiske arbeidet innan eigen fagfunksjon og produksjonsrapporten. Det praktiske arbeidet vert tillagt mest vekt i vurderinga.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.