Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Utplassering

  • Studiepoeng10
  • Undervisingssemester
  • EmnekodeTVP261
  • Talet på semester
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Utplasseringa finn stad i ulike mediebedrifter, medan noko fellesaktivitet skjer i Media City Bergen.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studenten relevant arbeidsrøynsle gjennom utplassering hjå samarbeidspartnarar i og utanfor medieklynga.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten

  • tileignar seg bransjekunnskap samt teoretisk og analytisk kunnskap knytt til sin fagfunksjon gjennom utplassering i lokal mediebedrift.

Ferdigheiter

Studenten

  • vidareutviklar relevante praktiske ferdigheiter utplassering og relevant arbeid i lokal mediebedrift.

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innan sin valde fagfunksjon
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein teoretisk og praktisk bakgrunn innanfor fagfunksjonen, og såleis bidra til å utvikle god praksis
  • kan utveksle synspunkt og røynsler med andre med bakgrunn innanfor valde fagfunksjon, og gjennom det bidra til utvikling av god praksis
  • kan planlegge og gjennomføre varierte oppgåver innan fagleg relevante produksjonar som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe med ulike fagfunksjonar, og i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan sin fagfunksjon, men også sett i samanheng med andre fagfunksjonar

Krav til forkunnskapar

TVP101, TVP102, TVP103, TVP104, TVP204

Tilrådde forkunnskapar

MEPRO100

Studiepoengsreduksjon

TVP203 (10 studiepoeng)

TVP201 (10 studiepoeng)

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogrammet i tv-produksjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Utplassering/praktisk arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på utplassering

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Rapport/audiovisuell dokumentasjon frå utplasseringa.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Vurderingssemester

Eksamen blir berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.