Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Introduksjon til tyskstudiet

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet skal gje ei grunnleggjande innføring i moderne tysk språk, litteratur og kultur, og skal danne eit godt grunnlag for vidare studium i tysk, men kan også komme til nytte i andre studium og yrke.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om hovudlinene i moderne tysk grammatikk
  • har grunnleggjande kunnskap om moderne tysk kultur og samfunnsliv
  • har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi og omgrep i tysk grammatikk og litteraturvitskap

Ferdigheiter
Studenten

  • kan lese og skrive enkle tekstar og føre enkle samtalar på tysk
  • kan bruke fagterminologi og omgrep frå tysk grammatikk og litteraturvitskap til å utføre enkle tekstanalyser

Generell kompetanse
Studenten

  • er førebudd på å ta til på 100-nivået av tyskstudiet

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men det er tilrådd med førekunnskapar tilsvarande tysk nivå I eller II frå vidaregåande skule.

Tilrådde forkunnskapar

Tilsvarande tysk nivå I eller II frå vidaregåande skule

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS100 redusert med 5 studiepoeng om det vert kombinert med TYS100H.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet går over heile haustsemestret (12 veker) med minimum 4 timar undervisning i veka. Undervisningsforma er førelesingar og arbeidsseminar med varierte språklege/språkpraktiske øvingar og samtalar med utgangspunkt i øvingsoppgåver og enkle litterære tekstar og tekstar om kultur- og samfunnsliv i dei tyskspråklege områda.

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er oppmøteplikt til 75 % av undervisninga, dvs. 9 av 12 førelesingar for kvar disiplin.

Ein må skrive og få godkjent fire korte skriftlege øvingsoppgåver og halde to førebudde munnlege innlegg knytt til tema for undervisinga (à 5 min.) for å kunne ta eksamen i emnet. Studentane vel tema for presentasjonen i samråd med faglærar.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Emnet blir avslutta med ein skriftleg eksamen på tre timar og ein munnleg eksamen i form av ein samtale (15 min.) med utgangspunkt i eit førebudd tema. Ved fastsetjing av karakteren tel den skriftlege eksamenen 60%, den munnlege eksamenen 40%. Begge delane må vere greidde i same semesteret. Den skriftlege eksamenen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Einspråkleg ordbok

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Det blir nytta innførande læreverk i tysk språk, litteratur og kultur og dessutan undervisningsmateriell som blir utdelt i samband med undervisninga.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    07.11.2019
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      21.11.2019, 15:00
      Varigheit
      3 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
      Sted
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen