Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Grunnemne i tysk språk I

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningssemester

Vår

Emnet går første gong våren 2019

Undervisningsstad

Bergen og Kiel. Opphaldet i Kiel er frivillig, varer i tre veker og finansierast ved eigenbetaling. Det vil i denne perioden bli gitt eit undervisningstilbod i Bergen til studentane som vel ikkje å reise. Dette emnet finst òg som nettstudium (TYS625)  

Mål og innhald

Emnet omfattar eit basiskurs i tysk grammatikk. Kurset gir ei innføring i tysk morfologi (substantiv, adjektiv, pronomen, verb) og i grunnleggjande trekk ved tysk syntaks (grammatisk analyse, sideordning og underordning av setningar, kasus, tempus).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har gode basiskunnskapar i tysk grammatikk
  • har grunnleggjande kunnskap om tysk grammatisk fagterminologi

Dugleik:

Studenten

  • kan bruke grunnleggjande tysk fagterminologi
  • kan bruke enkle syntaktiske analyseverktøy

Grunnkompetanse

Studenten

  • har eit godt grunnlag for å utvide eigen praktisk og teoretisk kompetanse i tysk språk
  • er i god stand til å halde fram tyskstudiet på 100-nivå

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS105 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS111, TYS111H, TYS111-F, TYS621 eller med TYS625, og med 5 studiepoeng om det vert kombinert med TYSK622.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstilbodet omfattar forelesingar som føreset aktiv deltaking frå studentane, og eit øvingskollokvium. Undervisninga i delar av TYS105 kan takast ved Universitetet i Kiel. I denne perioden går online-undervisinga som vanleg.

  • Ein dobbeltime forelesning og ein dobbeltime øvingsgruppe.
  • Førebuingspakke med video, skriftleg materiale eller anna som tilsvarar ein dobbeltime
  • 12 veker
  • Tre veker kan takast ved studiesenteret i Kiel.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesingar / seminar  i Bergen.

Kvar veke skal det løysast ei oppgåve knytt til innhaldet i førebuingspakkane. 8 slike oppgåver må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. Studentane som reiser til Kiel blir fritekne frå to av dei obligatoriske øvingsoppgåvene.

Alle arbeidskrava må vere godkjende av faglærer i same semester før ein kan gå opp til skriftleg eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til undervisninga ikkje bli handheva våren 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad

Vurderingsformer

våren 2021 er vurderingsforma endra frå skuleeksamen (4 timar) til skriftleg eksamen heime (4 timar + 1 time teknisk tilleggstid) som tiltak mot spreiing av koronavirus. Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne

Hjelpemiddel til eksamen

Våren 2021 er alle hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

 Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum omfattar sentrale element i tysk grammatikk og øvingsoppgåver.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

 Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

 

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    11.05.2021, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    27.04.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen