Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Tysk språk og tekstkunnskap

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningssemester

 Vår

Emnet går første gong våren 2019

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 I dette emnet skal studentane lære grunnleggjande tysk akademisk lesing og skriving. Eit overordna mål er å setje studentane i stand til å forstå og skrive akademiske tekstar på tysk

Kurset skal styrke studentane si evne til å

  • samanfatte og skildre tekstar
  • bruke strategiar for å finne fram til formuleringar og tekststruktureringsmiddel til bruk i eigen tekstproduksjon
  • utforme avsnitt og tekstar med struktur og samanheng ved hjelp av tekststrukturerande middel
  • bruke lese- og skrivestrategiar for å forstå, analysere og drøfte tekstar av ulike sjangrar og argumentere til støtte for eit synspunkt
  • bruke og referere til kjelder
  • halde innlegg og svare på spørsmål

Læringsutbyte

Kunnskap:
Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om skriftleg og munnleg kommunikasjon i ei akademisk ramme, dvs. beherskar språklege handlingar som å samanfatte, beskrive, analysere, fortolke, diskutere, drøfte og konkludere
  • har kunnskap om ulike lese- og skrivestrategiar som passar til ulike sjangrar
  • har kunnskap om ulike skjønnlitterære sjangrar og sakprosasjangrar og tyske fagomgrep som er relevante for å arbeide med desse

Dugleik:
Studenten

  • kan uttrykkje seg godt akademisk på tysk både munnleg og skriftleg
  • kan bruke sentrale lese- og skrivestrategiar på ulike sjangrar
  • beherskar grunnleggjande munnlege presentasjonsteknikkar
  • kan arbeide sjølvstendig med utgangspunkt i tydelege problemstillingar
  • kan arbeide sjølvstendig med ulike sjangrar og delar av ein tekst

Grunnkompetanse:
Studenten:

  • har eit godt grunnlag for å utvida eigen praktisk kompetanse i tysk språk
  • er godt førebudd på å halde fram tyskstudiet på 100-nivå

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av forelesingar og gruppeundervisning. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad.

  • To dobbeltimar forelesing og øvingsgruppe
  • 12 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesningane.

I løpet av semesteret skal det kvar student skrive 3 rettleidde, tekstar (kvar på ca. 1000 ord). 1 av tekstane skal være innanfor litteratur/kultur, 1 innanfor språk medan studenten kan velje om den siste teksten skal vere innanfor litteratur/kultur eller språk. 2 av tekstane skal inngå i ei mappe som er grunnlag for vurdering.

Studentane skal òg bidra til gruppediskusjon med eit førebudd innlegg (5-10 min.) knytt til tema i undervisinga.

Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

 Mappe med 2 tekstar (kvar på ca. 1000 ord). Studenten vel sjølv kva for to av dei tre tekstane nemnd under obligatorisk undervisningsaktivitet han/ho ønskjer å ha med i mappa. Innleveringsfrist for tekstane vil bli annonsert i starten av semesteret.

I vurderinga vil følgjande bli vektlagd:
- Tekstlege kvalitetar som til dømes problemstilling, struktur, kjeldebruk osv
- Språkleg nivå

Ved eksamen i påfølgjande semester leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret dei omarbeidde tekstane i mappa utan vidare rettleiing.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er eit kompendium med tekstar i og om ulike sjangrar som skal vere grunnlag for utviklinga av lese- og skrivedugleiken til studentane. Det omfattar òg oversyn (lister) over ord og uttrykk som er viktige for å strukturere og skape samanheng i tekstar.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    04.10.2019, 13:00
    Trekkfrist
    20.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen