Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Tyskspråkleg litteratur

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Emnet blei undervist for siste gong hausten 2018. Studentar som ønsker å ta emnet hausten 2019 må sende e-post til studierettleiar@if.uib.no i god tid før oppmeldingsfristen 1. september.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omfattar ei generell innføring i historia til den tyskspråklege litteraturen frå ca. 1750 fram til i dag og ei innføring i litterær analyse med utgangspunkt i eit utval litterære verk eller utdrag av verk (epikk, dramatikk og lyrikk).

TYS114 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i tysk.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Studenten:

  • har grunnleggjande kunnskap om epokar og utviklingstrekk i den tyskspråklege litteraturhistoria frå romantikken og fram til i dag.
  • Er i stand til å tileigne seg forståing og arbeide sjølvstendig med sentrale tyskspråklege skjønnlitterære verk frå ca. 1750 og fram til i dag

Dugleik:

Studenten:

  • kan lese og tileigne seg forståing av sentrale tyskspråklege skjønnlitterære verk frå ulike epokar frå ca. 1750 og fram til i dag
  • kan setje sentrale verk inn i ein kultur- og litteraturhistorisk kontekst
  • kan gjere greie for særdrag ved utviklingstrekk ved tyskspråkleg litteratur og litteraturhistorie

Grunnkompetanse:

Studenten:

  • er i god stand til på eiga hand å utvide kunnskapen om og innsikten i tyskspråkleg litteratur og litteraturhistorie
  • er godt førebudd på å halde fram tyskstudiet på 200-nivå

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har bestått TYS112 eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

TYS114-F (100%)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

  • Undervisninga skjer i form av forelesingar/seminar og gruppeundervising. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad.
  • To eller tre dobbeltimar
  • 12 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er oppmøteplikt til 75 % av undervisninga.

I løpet av semesteret skal det skrivast to korte (ca. 300 ord) øvingsoppgåver og haldast minst ein kort munnleg presentasjon.

Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ein sju dagars heimeeksamen (om lag 1500 ord) og ein munnleg eksamen (ca. 20 minutt). Heimeeksamenen kan bygge vidare på ei av øvingsoppgåvene, og den munnlege eksamenen kan bygge vidare på den munnlege presentasjonen og vere ein presentasjon på om lag 10 minutt. På den munnlege eksamenen blir det òg stilt spørsmål om heimeeksamen og pensum elles.

Begge eksamensdelane må vere greidd i same semesteret.

Det blir gitt éin samla karakter. Ved fastsetjinga av denne karakteren tel heimeeksamenen 50% og munnleg eksamen 50%.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum omfattar eit utval litterære verk, ei kort innføring i litterær analyse og i litteraturhistoria frå det 18. hundreåret fram til i dag.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    11.11.2019
    • Eksamensdel: Heimeeksamen

      Oppgave utleveres
      25.11.2019, 09:00
      Innleveringsfrist
      02.12.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen