Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Grunnemne i tysk språk II

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Emnet består av to delar. Den eine delen er eit kurs i tysk grammatikk og tek føre seg bruken av tyske modalverb og verbalsyntaks (dei infinitte verbformene, konjunktiv og passiv) som ein treng for å uttrykke seg komplekst og skriftspråkleg på tysk. Den andre delen er eit basiskurs i lydlære (fonetikk/fonologi).

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grundig kunnskap om tysk grammatikk/språkstruktur i ei rekkje sentrale tema (t.d. konjunktiv, infinittsyntaks og passiv)
  • har gode basiskunnskaper i tysk fonetikk/fonologi
  • har grunnleggjande kunnskap om lingvistisk fagterminologi (òg kjennskap til fonetisk transkripsjon ved hjelp av IPA-teikn)

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan bruke grunnleggjande tysk grammatikk og fonetisk/fonologisk fagterminologi
  • kan skildre og analysere relativt kompliserte strukturar i det tyske språket
  • kan bruke enkle syntaktiske analyseverktøy og enkel fonetisk transkripsjon

Generell kompetanse

Studenten

  • har eit godt grunnlag for å utvida eigen praktisk og teoretisk kompetanse i tysk språk
  • er god førebudd på å halde fram tyskstudiet på 200-nivå

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

 Det blir tilrådd at studentane har bestått TYS105 eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS115 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS113, TYS113-F eller med TYS635.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstilbodet omfattar forelesingar og øvingsgrupper. Alle deler føreset aktiv deltaking frå studentane.

  • Ein dobbeltime forelesing og ein dobbeltime online øvingsgruppe
  • Ein førebuingspakke per veke for sjølvstudium
  • 12 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er oppmøteplikt til 75% av forelesingane.

Kvar veke skal det løysast ei oppgåve knytt til innhaldet i førebuingspakkane. 8 slike oppgåver må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. Alle obligatorisk arbeidskrav må gjennomførast i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 4 timars skriftleg skuleeksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Einspråkleg tysk-tysk ordbok.

Karakterskala

 Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum omfattar sentrale element i tysk grammatikk, lydlære og øvingsoppgåver.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

 Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

 

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen

    Dato
    01.12.2022, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    17.11.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen