Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fordjuping i tysk språk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi auka kunnskap om og fordjupa innsikt i eitt eller to tema innan tysk språk/språkvitskap og/eller fagdidaktikk i eit språklæringsperspektiv. Kvart tema skal helst studerast i to eller fleire ulike framstillingar for å trene opp evna til sjølvstendig vurdering av lærestoff. Det skal òg gi dugleik og innsikt i vitskapleg arbeid og anna kunnskap dei treng for å arbeide med bacheloroppgåva, t. d. biblioteksressursar, siteringsteknikk og bruk av kjelder.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Studenten

  • har brei, generell kunnskap om sentrale teoriar, omgrep og metodar innan tysk som forskingsfag
  • har grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen/dei valde disiplinane og djupare kunnskap innanfor eit avgrensa område
  • har kjennskap til og kan bruke relevante kommunikative sjangrar

Ferdigheiter
Studenten

  • kan utarbeide og presentere eit prosjekt på tysk (skriftleg og munnleg)
  • kan reflektere over språklege nyansar mellom norsk og tysk og nyttiggjere seg det i munnleg og skriftleg bruk av tysk
  • kan bruke eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat på ulike teksttypar og problemstillingar i eige forskingsarbeid
  • kan uttrykkja seg presist om faglege problemstillingar, analysar, tolkingar og konklusjonar innan eige fagområde
  • kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av tileigna faglege kunnskapar
  • kan setje seg inn i og kritisk vurdere bruk av teoriar, metodar og tolkingar innanfor eige fagområde
  • kan skaffe seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget

Generell kompetanse
Studenten

  • kan uttrykke seg på tysk på høgt nivå både munnleg og skriftleg og kan lese avanserte tekstar på tysk
  • kan finne fram til relevante kjelder og bibliografiar både på nettet og i oppslagsverk og bruke dei kritisk i eige arbeid
  • kan gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan bruke dei metodar og analyseverkty som er naudsynte for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innanfor eige fagområde
  • kan halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
  • kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Ein tilrår at studentane har teke TYS105, TYS106, TYS107, TYS115, TYS116, SEK100 eller har tilsvarande kunnskapar.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga skjer i form av forelesingar

  • 4 timar i veka
  • 12 veker (dvs. 12 dobbeltimar for kvart tema)

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal studentane skrive to øvingsoppgåver i tilknyting til undervisinga. Det skal òg haldast to munnlege presentasjonar på om lag 10 minutt. Studentane vel tema i samråd med faglærar.

Oppgåvene og presentasjonane må vere godkjende av faglærar for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 6 timars skriftleg skuleeksamen.

Eksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Einspråkleg tysk-tysk ordbok

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum utgjer ca. 350 sider
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    09.05.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    25.04.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen