Fordjuping i tyskspråkleg litteratur
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeTYS206
- Talet på semester1
- SpråkTysk
- Ressursar
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Ikkje relevant
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gi fordjupa innsikt i delaspekt av tyskspråkleg litteratur og den relevante litteratur- og kulturhistoriske samanhengen i eit samfunns- og danningsperspektiv.
Det skal òg gi dugleik og innsikt i vitskapleg arbeid og anna kunnskap dei treng for å arbeide med bacheloroppgåva, t. d. bibliotekressursar, siteringsteknikk og bruk av kjelder.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har innsikt i dei utvalde pensumtekstane og den litteraturhistoriske konteksten dei står i
- har grunnleggjande kunnskap om sentrale litteraturvitskaplege/analytiske omgrep
Ferdigheiter
Studenten
- kan relatere dei utvalde pensumtekstane tematisk til den litteratur- og kulturhistoriske konteksten dei står i
- kan bruka eit adekvat omgrepsapparat i sjølvstendige analyser av tekstane
Generell kompetanse
Studenten
- kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med litterære tekstar
- kan kritisk vurdere og ta stilling til ulike teksttolkingar
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Ein tilrår at studentane har teke TYS105, TYS106, TYS107, TYS115, TYS116, SEK100 eller har tilsvarande kunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS206 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS256 eller med TYS202 eller med TYS252.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i form av forelesingar
- 4 timar i veka
- 9 veker
Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I løpet av semesteret skal studentane skrive ei øvingsoppgåve i tilknyting til undervisninga.
Studentane vel tema i samråd med faglærar. Oppgåva må vere godkjend av faglærar for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Eksamen er ein fire timars skuleeksamen
Den skriftlege eksamenen kan bli digital.
Hjelpemiddel til eksamen
Einspråkleg tysk-tysk ordbok
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum omfattar ca. 800 sider, fordelte på to emneområde som kan avgrensast på ulikt vis, t.d. med omsyn til epoke, genre, forfattarskap, tema m.m. Kvart emneområde skal bestå av minst tre verk, eventuelt utdrag av verk. Eit utval med lyrikk kan erstatte eitt eller fleire verk. I tilknyting til dette pensumet skal studentane òg lese ca. 100 sider sekundærlitteratur.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for tysk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Kontaktinformasjon
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen
- Trekkfrist
- 24.09.2019
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen