Fordjuping i tyskspråkleg litteratur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gi fordjupa innsikt i delaspekt av tyskspråkleg litteratur og den relevante litteratur- og kulturhistoriske samanhengen i eit samfunns- og danningsperspektiv.

Det skal òg gi dugleik og innsikt i vitskapleg arbeid (t.d. bibliotekressursar, siteringsteknikk og bruk av kjelder).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har innsikt i dei utvalde pensumtekstane og den litteraturhistoriske konteksten dei står i
  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale litteraturvitskaplege/analytiske omgrep

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan relatere dei utvalde pensumtekstane tematisk til den litteratur- og kulturhistoriske konteksten dei står i
  • kan bruka eit adekvat omgrepsapparat i sjølvstendige analyser av tekstane

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med litterære tekstar
  • kan kritisk vurdere og ta stilling til ulike teksttolkingar

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Ein tilrår at studentane har teke TYS105/TYS625, TYS106/TYS626, TYS107/TYS627, TYS115/625, TYS116/TYS626, SEK100/SEK600 eller har tilsvarande kunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS206 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS256 eller med TYS202 eller med TYS252.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av forelesingar

  • 2 timar i veka
  • 9 veker

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal det skrivast to øvingsoppgåver (kvar på om lag 750 ord) i tilknyting til undervisninga.

Studentane vel tema i samråd med faglærar.

Oppgåvene må vere godkjende av faglærar for at ein skal kunne gå opp til eksamen.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Eksamen er ein fire timars skuleeksamenDen skriftlege eksamenen kan bli digital.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum omfattar ca. 800 sider, fordelte på to emneområde som kan avgrensast på ulikt vis, t.d. med omsyn til epoke, genre, forfattarskap, tema m.m. Kvart emneområde skal bestå av minst tre verk, eventuelt utdrag av verk. Eit utval med lyrikk kan erstatte eitt eller fleire verk. I tilknyting til dette pensumet skal studentane òg lese ca. 100 sider sekundærlitteratur.Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Einspråkleg tysk-tysk ordbok
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for tysk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.