Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fordjuping i tysk språk med semesteroppgåve for lektorutdanninga

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi auka kunnskap om og fordjupa innsikt i to tema innan tysk språk/språkvitskap og/eller fagdidaktikk i eit språklæringsperspektiv. Kvart tema skal helst studerast i to eller fleire ulike framstillingar for å trene opp evna til sjølvstendig vurdering av lærestoff.

Læringsutbyte

KUNNSKAPAR
Kandidaten

  • har brei, generell kunnskap om sentrale teoriar, omgrep og metodar innan tysk som forskingsfag
  • har grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen/dei valde disiplinane og djupare kunnskap innanfor eit avgrensa område
  • har kjennskap til og kan bruke relevante kommunikative sjangrar

DUGLEIKAR
Kandidaten

  • kan utarbeide og presentere eit prosjekt på tysk (skriftleg og munnleg).
  • kan reflektere over språklege nyansar mellom norsk og tysk og nyttiggjere seg det i munnleg og skriftleg bruk av tysk.
  • kan bruke eit presist språk- og litteraturvitskapleg omgrepsapparat på ulike teksttypar og problemstillingar i eige forskingsarbeid.
  • kan uttrykkja seg presist om faglege problemstillingar, analysar, tolkingar og konklusjonar innan eige fagområde
  • kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av tileigna faglege kunnskapar
  • kan setje seg inn i og kritisk vurdere bruk av teoriar, metodar og tolkingar innanfor eige fagområde
  • kan skaffe seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget


GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten

  • kan uttrykke seg på avansert tysk både munnleg og skriftleg og kan lese avanserte tekstar på tysk
  • kan finne fram til relevante kilder og bibliografiar både på nettet og i oppslagsverk og bruke dei kritisk i eige arbeid
  • kan gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan bruke dei metodar og analyseverkty som er naudsynte for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innanfor eige fagområde
  • kan halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
  • kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ein tilrår at studentane har teke TYS111, TYS112, TYS113 og TYS114 eller har tilsvarande kunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

TYS251 (100 %)

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på lektorutdanning med master i framandspråk ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

  • Undervisninga skjer i form av forelesningar/seminar.
  • 4 timar i veka
  • 8 veker (dvs. 8 dobbeltimar for kvart tema)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 To rettleiingar av oppgåva.

I løpet av semesteret skal studentane og halde ein munnleg presentasjon på om lag 10 minutt.

Studentane vel tema i samråd med faglærar. Presentasjonen må vere godkjende av faglærar for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det semesteret som følgjer.

Vurderingsformer

 Eksamen er ei rettleia oppgåve og ein justerande munnleg eksamen.

Oppgåva skal skrivast på tysk med to obligatoriske rettleiingar i løpet av semesteret, vere på ca. 3500 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste, og leverast innan 15. mai. Arbeidet med oppgåva skal ta til etter ca. åtte undervisningsveker, og rettleiingane blir avtalt med faglæraren.

Den munnlege eksamenen (ca. 30 min.) blir arrangert etter skriftleg sensur, er knytt til både oppgåva og pensum i emnet og kan justere karakteren på oppgåva ein karakter opp eller ned.

Oppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum utgjer ca. 250 til 300 sider, fordelte på to tema.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    27.09.2019
    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Innleveringsfrist
      11.10.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen