Fordjuping i tyskspråkleg litteratur med semesteroppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gi fordjupa innsikt i delaspekt av tyskspråkleg litteratur og den relevante litteraturhistoriske samanhengen og/eller fagdidaktikk i eit kultur- og danningsperspektiv.

Det skal òg gi dugleik og innsikt i vitskapleg arbeid (t.d. bibliotekressursar, siteringsteknikk og bruk av kjelder).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har innsikt i dei utvalde pensumtekstane og den litteraturhistoriske konteksten dei står i
  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale litteraturvitskaplege/analytiske omgrep

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan relatere dei utvalde pensumtekstane tematisk til den litteratur- og kulturhistoriske konteksten dei står i
  • kan bruke eit adekvat omgrepsapparat i sjølvstendige analyser av tekstane

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing med litterære tekstar
  • kan kritisk vurdere og ta stilling til ulike teksttolkingar

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Ein tilrår at studentane har teke TYS105/TYS625, TYS106/TYS626, TYS107/TYS627, TYS115/625, TYS116/TYS626, SEK100/SEK600 eller har tilsvarande kunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS256 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS206 eller med TYS252 eller med TYS252L.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av forelesingar

  • 2 timar i veka
  • 9 veker
  • 2-4 timars kurs i kildesøk (arbeid med databasar og bibliografiar) retta mot arbeidet med den rettleidde semesteroppgåva

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisingsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To rettleiingar av oppgåva.

Det er òg obligatorisk å delta på kurset i kildesøk (arbeid med databasar og bibliografiar) retta mot arbeidet med den rettleidde semesteroppgåva.

Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i to semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ei rettleidd oppgåve med tilknyting til eitt av temaa som har vore handsama på emnet,og ein justerande munnleg eksamen.

Oppgåva skal skrivast på tysk med to obligatoriske rettleiingar i løpet av semesteret, vere på ca. 4000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste. Arbeidet med oppgåva skal ta til etter ca. åtte undervisningsveker, og rettleiingane blir avtalt med faglæraren.

Den munnlege eksamenen (ca. 30 min.) blir arrangert etter skriftleg sensur, er knytt til både oppgåva og pensum i emnet og kan justere karakteren på oppgåva ein karakter opp eller ned.

Det er ikkje mogleg å levere rettleidd oppgåve i undervisningsfritt semester, men ein kan levere den rettleidde oppgåva neste undervisningssemester/vårsemester. Har den rettleidde oppgåva vore levert før, må ho omarbeidast utan vidare rettleiing.

Oppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår.
Litteraturliste

Pensum omfattar ca. 800 sider, fordelte på to emneområde som kan avgrensast på ulikt vis, t.d. i forhold til epoke, genre, forfattarskap, tema m.m. Kvart emneområde skal bestå av minst tre verk, eventuelt utdrag av verk. Eit utval med lyrikk kan erstatte eitt eller fleire verk. I tilknyting til dette pensumet skal studentane òg lese ca. 100 sider sekundærlitteratur.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for tysk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.