Tysk språk og litteraturvitskap

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Den lingvistiske delen av emnet gir ei innføring i sentrale deldisiplinar i tysk (germanistisk) språkvitskap. Dette kan vere morfologi, syntaks, semantikk, fonologi, orddanning, tekstlingvistikk/tekstgrammatikk, pragmatikk eller fagdidaktikk.

Den litteraturvitskaplege delen av emnet gir ei innføring i sentrale retningar innan moderne litterurvitskapleg teori og metode. Dette kan t.d. være metaforteori, sjangerlære, narratologi, hermeneutikk, psykoanalyse, resepsjonsteori, kritisk teori, postkolonial teori eller gender studies.

TYS307 er ein obligatorisk del av mastergradsstudiet.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om sentrale deldisiplinar i germanistisk språk- og litteraturvitenskap
  • har kunnskap om fagterminologien og omgrepa i deldisiplinane
  • har kunnskap om skrivetradisjonane og tekstkonvensjonane i deldisiplinane

Dugleik:

Studenten

  • kan analysere tekstar ved hjelp av analyseverktya frå dei ulike deldisiplinane
  • kan bruke fagterminologien og omgrepa i deldisiplinane sjølvstendig
  • kan formulere tekstar som svarer til tradisjonane og konvensjonane i deldisiplinane
  • kan diskutere og formidle aktuelle teoretiske problemstillingar både munnleg og skriftleg

Kompetanse:

Studenten

  • kan på eiga hand oppdatere og utvide kunnskapane sine om dei ulike deldisiplinane i germanistisk språk- og litteraturvitskap
  • tek til å bli skriveteknisk førebudd på å ta til på skrivinga av masteroppgåva

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Studiepoengsreduksjon
TYS317 (7,5 stp), TYS316 (7,5 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i tysk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
  • Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar, der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.
  • 2 dobbeltimar
  • 12 veker
  • (til saman 12 dobbeltimar litteratur og 12 dobbeltimar lingvistikk)

    Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    I løpet av semesteret skal det skrivast fire korte (ca. 500 ord) øvingsoppgåver (to i kvar av disiplinane) og haldast to munnlege presentasjonar i tilknyting til undervisninga (ei i kvar av disiplinane).

    Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

    Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.

    Vurderingsformer

    Vurdering skjer på grunnlag av ein 4 dagars heimeeksamen (omfang: 3000 ord) og ein munnleg eksamen (omfang: ca. 30 minutt).

    Den munnlege eksamenen skal innehalde ein inntil 10 minutt lang presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne frå den disiplinen ein har valt bort på heimeeksamen. På den øvrige delen blir det stilt spørsmål om pensum og heimeeksamen. Ved utrekninga av den endelege karakteren tel heimeeksamen 50% og den munnlege eksamenen 50 %.

    Karakterskala
    Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
    Vurderingssemester
    Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav
    Litteraturliste
    Pensum er på inntil 200 sider i kvar av disiplinane.
    Emneevaluering
    Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Administrativt ansvarleg
    Institutt for fremmedspråk