Tysk språk og litteraturvitskap
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- TYS307
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Tysk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Den lingvistiske delen av emnet gir ei innføring i sentrale deldisiplinar i tysk (germanistisk) språkvitskap. Dette kan vere morfologi, syntaks, semantikk, fonologi, orddanning, tekstlingvistikk/tekstgrammatikk, pragmatikk eller fagdidaktikk.
Den litteraturvitskaplege delen av emnet gir ei innføring i sentrale retningar innan moderne litterurvitskapleg teori og metode. Dette kan t.d. være metaforteori, sjangerlære, narratologi, hermeneutikk, psykoanalyse, resepsjonsteori, kritisk teori, postkolonial teori eller gender studies.
TYS307 er ein obligatorisk del av mastergradsstudiet.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om sentrale deldisiplinar i germanistisk språk- og litteraturvitenskap
- har kunnskap om fagterminologien og omgrepa i deldisiplinane
- har kunnskap om skrivetradisjonane og tekstkonvensjonane i deldisiplinane
Dugleik:
Studenten
- kan analysere tekstar ved hjelp av analyseverktya frå dei ulike deldisiplinane
- kan bruke fagterminologien og omgrepa i deldisiplinane sjølvstendig
- kan formulere tekstar som svarer til tradisjonane og konvensjonane i deldisiplinane
- kan diskutere og formidle aktuelle teoretiske problemstillingar både munnleg og skriftleg
Kompetanse:
Studenten
- kan på eiga hand oppdatere og utvide kunnskapane sine om dei ulike deldisiplinane i germanistisk språk- og litteraturvitskap
- tek til å bli skriveteknisk førebudd på å ta til på skrivinga av masteroppgåva
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
(til saman 12 dobbeltimar litteratur og 12 dobbeltimar lingvistikk)
Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I løpet av semesteret skal det skrivast fire korte (ca. 500 ord) øvingsoppgåver (to i kvar av disiplinane) og haldast to munnlege presentasjonar i tilknyting til undervisninga (ei i kvar av disiplinane).
Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.
Vurderingsformer
Vurdering skjer på grunnlag av ein 4 dagars heimeeksamen (omfang: 3000 ord) og ein munnleg eksamen (omfang: ca. 30 minutt).
Den munnlege eksamenen skal innehalde ein inntil 10 minutt lang presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne frå den disiplinen ein har valt bort på heimeeksamen. På den øvrige delen blir det stilt spørsmål om pensum og heimeeksamen. Ved utrekninga av den endelege karakteren tel heimeeksamen 50% og den munnlege eksamenen 50 %.