Hjem

Utdanning

Masteremne

Tysk språk og litteraturvitenskap

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Master

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Den lingvistiske delen av emnet gir ei innføring i sentrale deldisiplinar i tysk (germanistisk) språkvitskap. Dette kan vere morfologi, syntaks, semantikk, fonologi, orddanning, tekstlingvistikk/tekstgrammatikk, pragmatikk eller fagdidaktikk

Den litteraturvitskaplege delen av emnet gir ei innføring i sentrale retningar innan moderne litteraturvitskapleg teori og metode med utgangspunkt i eit mindre utval av litterære verk. Dette kan t.d. være metaforteori, sjangerlære, narratologi, hermeneutikk, psykoanalyse, resepsjonsteori, kritisk teori, postkolonial teori eller gender studies.

Læringsutbyte

 Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om sentrale deldisiplinar i germanistisk språk- og litteraturvitenskap
  • har kunnskap om fagterminologien og omgrepa i deldisiplinane
  • har kunnskap om skrivetradisjonane og tekstkonvensjonane i deldisiplinane

Dugleik:

Studenten

  • kan analysere tekstar ved hjelp av analyseverktya frå dei ulike deldisiplinane
  • kan bruke fagterminologien og omgrepa i deldisiplinane sjølvstendig
  • kan diskutere og formidle aktuelle teoretiske problemstillingar både munnleg og skriftleg

Kompetanse:

Studenten

  • kan på eiga hand oppdatere og utvide kunnskapane sine om dei ulike deldisiplinane i germanistisk språk- og litteraturvitskaptek til å bli skriveteknisk førebudd på å ta til på skrivinga av masteroppgåva

Krav til forkunnskapar

 

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

TYS307 (10 stp.), TYS317 (5 stp), TYS316 (5 stp)

Krav til studierett

 Opptak til lektorutdanninga med master i framandspråk ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

 Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar, der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.

2 dobbeltimar

9 veker

(til saman 9 dobbeltimar litteratur og 9 dobbeltimar lingvistikk)

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 I løpet av semesteret skal det skrivast to korte (ca. 500 ord) øvingsoppgåver (ei i kvar av disiplinane) og haldast to munnlege presentasjonar i tilknyting til undervisninga (ei i kvar av disiplinane).

Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.

Vurderingsformer

 Vurdering skjer på grunnlag av ein 4 timars skriftleg eksamen og ei 30 min. munnleg eksaminering. Den skriftlege eksamenen kan bli digital.

Den munnlege eksamenen skal vere ein inntil 10 minutt lang presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne frå den disiplinen ein har valt bort på den skriftlege eksamenen. På den øvrige delen blir det stilt spørsmål om pensum.

Ved utrekninga av den endelege karakteren tel skriftleg eksamen 50% og den munnlege eksamenen 50 %.

Hjelpemiddel til eksamen

Det er tillate å bruke einspråkleg (tysk-tysk) ordbok på den skriftlege eksamenen.

Karakterskala

 Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum er på inntil 300 sider i kvar av disiplinane.

Emneevaluering

 Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen og munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      07.12.2018, 09:00
      Varigheit
      4 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen