Tysk språk og litteraturvitskap for lektorstudentar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Den lingvistiske delen av emnet gir ei innføring i sentrale deldisiplinar i tysk (germanistisk) språkvitskap. Dette kan vere morfologi, syntaks, semantikk, fonologi, orddanning, tekstlingvistikk/tekstgrammatikk, pragmatikk eller fagdidaktikk

Den litteraturvitskaplege delen av emnet gir ei innføring i sentrale retningar innan moderne litteraturvitskapleg teori og metode med utgangspunkt i eit mindre utval av litterære verk. Dette kan t.d. være metaforteori, sjangerlære, narratologi, hermeneutikk, psykoanalyse, resepsjonsteori, kritisk teori, postkolonial teori eller gender studies.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om sentrale deldisiplinar i germanistisk språk- og litteraturvitenskap
  • har kunnskap om fagterminologien og omgrepa i deldisiplinane
  • har kunnskap om skrivetradisjonane og tekstkonvensjonane i deldisiplinane

Dugleik:

Studenten

  • kan analysere tekstar ved hjelp av analyseverktya frå dei ulike deldisiplinane
  • kan bruke fagterminologien og omgrepa i deldisiplinane sjølvstendig
  • kan diskutere og formidle aktuelle teoretiske problemstillingar både munnleg og skriftleg

Kompetanse:

Studenten

  • kan på eiga hand oppdatere og utvide kunnskapane sine om dei ulike deldisiplinane i germanistisk språk- og litteraturvitskaptek til å bli skriveteknisk førebudd på å ta til på skrivinga av masteroppgåva

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
-
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
TYS307 (10 stp.), TYS317 (5 stp), TYS316 (5 stp)
Krav til studierett
Opptak til lektorutdanninga med master i framandspråk ved Det humanistiske fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar, der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.

2 dobbeltimar

9 veker

(til saman 9 dobbeltimar litteratur og 9 dobbeltimar lingvistikk)

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal det skrivast to korte (ca. 500 ord) øvingsoppgåver (ei i kvar av disiplinane) og haldast to munnlege presentasjonar i tilknyting til undervisninga (ei i kvar av disiplinane).

Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av ein 4 dagars heimeeksamen (omfang: 2500 ord) og ein munnleg eksamen (omfang: ca. 30 minutt).

Den munnlege eksamenen skal innehalde ein inntil 10 minutt lang presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne frå den disiplinen ein har valt bort på heimeeksamen. På den øvrige delen blir det stilt spørsmål om pensum og heimeeksamen.

Ved utrekninga av den endelege karakteren tel heimeeksamen 50% og den munnlege eksamenen 50 %.

Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum er på inntil 300 sider i kvar av disiplinane.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk