Hjem
Studentsider
Masteremne

Litteratur, interpretasjon og omsetjing for lærarstudentar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet tek utgangspunkt i nærlesing av skjønnlitterære og andre tekstar og omsetjingane deira. Med utgangspunkt i teksten som interpretasjons- og omsetjingsutfordring ligg fokus på omsetjing som forståing og forståing som omsetjing: Kva for ei rolle spelar omsetjinga for forståinga av og interpretasjonen av litterære og andre tekstar? På bakgrunn av sentrale teoriar om interpretasjon og omsetjing tek ein føre seg tekstaspektet på ulike nivå: Kva skjer med til dømes litterære metaforar og sosiolektale konnotasjonar i omsetjinga, korleis taklar omsetjarane dialektbruk, kva skjer med syntaktisk kompliserte og lange setningar?

Læringsutbyte

Kunnskap:

Studenten

  • har god kunnskap om grunnleggjande teoretiske problemstillingar innan fortolkingsteori og omsetjingsvitskap
  • har god kunnskap om sentral terminologi og sentrale omgrep innan fortolkingsteori og omsetjingsvitskap

Dugleik:

Studenten

  • kan skildre og analysere fortolkings- og omsetjingsutfordringar av ulikt slag (t.d. morfologiske, syntaktiske, fraseologiske, dialektale og sosiolektale)
  • kan skildre og analysere fortolkings- og omsetjingsutfordringar i samband med omsetjing av tekstar frå ulike sjangrar
  • kan samanlikne original og omsetjing/fleire omsetjingar med henblikk på fortolkings- og omsetjingsstrategiar

Kompetanse:

Studenten

  • kan diskutere og formidle sentrale problemstillingar innan det valte emnet, både munnleg og skriftleg
  • er i stand til på eiga hand å oppdatere og utvide kunnskapane sine om det valte emnet
  • er skriveteknisk førebudd på å ta til på skrivinga av masteroppgåva

Krav til forkunnskapar

-

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

TYS314 (5 stp ), TYS315 (5 stp.) TYS308 (10 stp.)

Krav til studierett

 Opptak til lektorutdanninga med master i framandspråk ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

  • Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar, der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.
  • 2 dobbeltimar
  • 9 veker
  • (til saman 9 dobbeltimar litteraturvitskap og 9 dobbeltimar omsetjingsvitskap)

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal det skrivast to korte øvingsoppgåver og haldast to munnlege presentasjonar i tilknyting til undervisninga.

Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av ein heimeeksamen på ei veke (om lag 3000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste) og ein munnleg eksamen.

I heimeeksamenen vel ein mellom ei litteraturvitskapleg og ei språk- og omsetjingsvitskapleg problemstilling. Den munnlege eksamenen skal vere ein presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne frå den disiplinen ein har valt bort i heimeeksamenen, og det kan òg stillast spørsmål til heimeeksamen og pensum.

Ved utrekninga av den endelege karakteren tel heimeeksamen 50% og den munnlege eksamenen 50%.

Hausten 2020 blir den munnlege eksamenen digital, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum er på inntil 150 sider i kvar av emnedelane.

Emneevaluering

 Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    07.09.2020
    • Eksamensdel: Heimeeksamen

      Oppgave utleveres
      21.09.2020, 09:00
      Innleveringsfrist
      28.09.2020, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen