Hjem
Utdanning
Masteremne

Masteremne i tyskspråkleg litteratur

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

 Master

Undervisningssemester

 Høst

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

TYS309 tek føre seg eit avgrensa område innanfor moderne tyskspråkleg litteratur og litteraturvitskap, der både historiske, teoretiske og metodiske spørsmål blir behandla.

Emnet kan til dømes ha eit litteraturhistorisk utgangspunkt eller vere konsentrert omkring forfattarskap, sjangrar eller litteratur- og kulturvitskaplege problemstillingar.

Læringsutbyte

Kunnskap

Kandidaten har inngåande kunnskapar om og god innsikt i eit spesialisert tema innan tyskspråkleg litteratur og litteraturvitskap.

Dugleik

Kandidaten kan anvende og reflektere sjølvstendig over teoretiske og metodiske tilnærmingar innanfor eit avgrensa vitskapeleg område. kan presentere, analysere og samanlikne ulike framstillingar, teoriar og metoder innanfor fagområdet. er i stand til å arbeide kritisk med relevante kjelder og bibliografiar kan presentere og sjølvstendig vurdere litteraturvitskapelege problemstillingar kan analysere utvalte litterære tekster ut frå ulike litteraturvitskaplege perspektiv kan bruke eit presist omgrepsapparat på ulike typar tekstar og problemstillingar.

Grunnkompetanse

Kandidaten

kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing. kan bruke eit vitskapleg omgrepsapparat i behandlinga av eit komplekst tema.

kan presentere og forholde seg til faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor moderne tyskspråkleg litteraturvitskap på eit adekvat fagspråk, både munnleg og skriftleg. kan bruke sine kunnskapar og ferdigheiter på nye områder for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt.

Tilrådde forkunnskapar

Tysk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i tysk ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar der ein går ut frå at studentane deltek aktivt. 1 dobbeltime per veke i 12 veker

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I samband med undervisninga skal det skrivast éi øvingsoppgåve på om lag 2000 ord.

Oppgåva må vere godkjend av den einskilde faglæraren.

Vurderingsformer

Eksamen er ei vekes heimeeksamen på 3000-4000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste, og ein munnleg eksamen på om lag 30 minutt. Den munnlege eksamenen skal vere ein presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne, men det kan òg stillast spørsmål til heimeoppgåva og pensum. Ved utrekninga av den endelege karakteren tel heimeoppgåva 60 % og den munnlege eksamenen 40%

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav

Litteraturliste

Pensum er på 1000-1500 sider (avhengig av teksttype og grad av fordjuping), litterære tekstar frå eldre og/eller nyare tid, og dessutan inntil 200 sider litteraturteori.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for tysk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    18.11.2019
    • Eksamensdel: Heimeeksamen

      Oppgave utleveres
      02.12.2019, 09:00
      Innleveringsfrist
      09.12.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen