Moderne tysk språk og litteratur for lektorstudentar
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeTYS311L
- Talet på semester1
- Språk Tysk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
TYS311L er ei innføring i utvalte emne frå språk- og litteraturvitskap som er knytte til analyse av og arbeid med moderne litterære verk og kulturorienterte tekstar, dvs. tekstar frå det 20. og 21 hundreåret.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Studenten
- har god kunnskap om moderne tyskspråklege forfattarar
- har god kunnskap om fagterminologien og omgrepa som trengs for å skildre kjenneteikna til moderne tyskspråklege tekstar
Dugleik:
Studenten
- kan skildre kva som skil moderne tekstar frå «eldre» tekstar språkleg, stilistisk og innhaldsmessig og analysere dei
- har inngåande kunnskap om utvalte emne i tysk språk- og litteraturvitskap
- har god kjennskap til den sentrale fagterminologien i desse emna
- kan diskutere og formidle sentrale problemstillingar innan dei emna som blir handsama, både munnleg og skriftleg
Kompetanse:
Studenten
- er i stand til på eiga hand å oppdatere og utvide kunnskapane sine om moderne tysk språk og tyskspråkleg litteratur
- er skriveteknisk førebudd på å ta til på skrivinga av masteroppgåva
Krav til forkunnskapar
-
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
TYS311 (10 stp.)
Krav til studierett
Opptak til lektorutdanninga med master i framandspråk ved Det humanistiske fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
- Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.
- 4 timar
- 8 veker (til saman 8 dobbeltimar litteratur og 8 dobbeltimar lingvistikk)
Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det skal skrivast to kortare (ca. 300-500 ord kvar) øvingsoppgåver (ei i litteratur og ei i språk) og haldast to munnlege presentasjonar i tilknyting til undervisninga (ei i litteratur og ei i språk). Rettleiing på heimeeksamen er òg obligatorisk (sjå vurdering). Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Dei munnlege presentasjonane og øvingsoppgåvene er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret. Rettleiing på heimeeksamen er berre gyldig i undervisningssemesteret. Det vert gitt ny rettleiing i det undervisningsfrie semesteret om nokon melder seg til vurdering.
Vurderingsformer
Vurdering skjer på grunnlag av ein rettleidd heimeeksamen og ein munnleg eksamen (ca. 30 min). Heimeeksamen skal skrivast på ei veke og vere på om lag 3000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste.
På heimeeksamenen vel ein mellom ei litteraturvitskapleg og ei språkvitskapleg problemstilling. Den munnlege eksamenen skal vere ein presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne frå den disiplinen ein har valt bort i heimeeksamen. Det kan òg stillast spørsmål til heimeeksamen og pensum.
Ved utrekninga av den endelege karakteren tel heimeeksamen 50% og den munnlege eksamenen 50% .
Hjelpemiddel til eksamen
-
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum består av
a) utvalte emne frå språk- og litteraturvitskap (til dømes utvalte grammatiske tema av generell karakter, emne frå tekst- og varietetslingvistikk, kontrastiv analyse, genrelære, tekstinterpretasjon/-analyse) på til saman ca. 300 sider og
b) litterære verk og kulturorienterte tekstar (til dømes essays, kulturreportasjar, film o.l.) med eit omfang på inntil 700 sider.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen og munnleg eksamen
Eksamensdel: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 09.05.2022, 09:00
- Innleveringsfrist
- 16.05.2022, 13:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Munnleg eksamen
- Dato
- 20.05.2022