Tysk mastergradsoppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Masteroppgåva er ei prøve på vitskapleg arbeid innanfor språk, litteratur eller fagdidaktikk.

Oppgåva skal vise at studenten kan skrive eit vitskapleg arbeid som tilfredsstiller fagdisiplinen sine sjangerkrav, er godt orientert i forskinga på det området han/ho har valt, og er i stand til å behandle ei problemstilling på ein fagleg tilfredsstillande måte.

Emnet inneheld òg eit kurs i oppgåveskriving.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Kandidaten

  • har brei generell kunnskap innanfor faget og dybdekunnskapar innanfor eit avgrensa område
  • har grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen
  • har god kunnskap om oppgåveskriving i den aktuelle disiplinen

Dugleik:

Studenten

  • kan arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
  • kan setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
  • kan gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kjenner normene for akademisk skriving, bruk av kjelder i tekst og referansehandtering
  • kan bruka IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet
  • kan uttrykkja på tysk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde

Grunnkompetanse:

Studenten

  • kjenner til relevante kommunikative sjangrar
  • kan halda sjølvstendig fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
  • kan skaffa seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget
  • kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Masteroppgåva skal normalt skrivast i løpet av andre, tredje og fjerde studiesemester.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd startgrunnlag er basisdelen av mastergradsstudiet, dvs. TYS311 og TYS309 eller TSAK319.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i tysk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Studenten vel tema for masteroppgåva i samråd med faglærar så tidleg som mogleg i andre semester. Instituttet legg til rette for at mastergradsstudentane kan leggje fram prosjektskisse/forarbeid eller deler av masteroppgåva på instituttseminar.

Studenten har rett til rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt, som gjer greie for rettar og plikter, skal underskrivast av student, rettleiar og instituttleiar, normalt i byrjinga av det andre semesteret.

Emnet inneheld òg eit kurs i oppgåveskriving.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Masterstudentane må inngå rettleiingskontrakt med rettleiaren sin og delta på kurset i oppgaveskriving.
Vurderingsformer

Mastergradseksamen kan avleggjast i byrjinga og slutten av kvart semester. Innleveringsfrist for masteroppgåva er 1. februar og 15. mai i vårsemesteret og 1. september og 20. november i haustsemesteret.

Vurderinga skjer på grunnlag av masteroppgåva og ein justerande munnleg eksamen som normalt skal avviklast seinast tre veker etter innleveringa av masteroppgåva.

Masteroppgåva skal skrivast på tysk og vere på mellom 70 og 110 sider med vanleg skriftstorleik (12 Punkt), halvannan linjeavstand og vanlege margar.

Den munnlege eksamenen (ca. 30 min.) skal ha tilknyting til masteroppgåva og kan justere karakteren ein karakter opp eller ned. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.

Ein student har, etter søknad, høve til å levere masteroppgåva på nytt i same fag i fall oppgåva er heilt ny eller så omarbeidd at ho kan vurderast som ny. Jf. Utfyllande reglar for gradsstudium ved Det humanistiske fakultet.

Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringsstystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.