Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Grunnemne i tysk språk I, nettbasert

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningssemester

Vår. Emnet blir gjennomført første gong våren 2021.

Undervisningsstad

Nettbasert.

I perioden mellom undervisningsslutt og eksamen blir det tilbod om eit frivillig opphald i Kiel i tre veker.

Dette emnet finst òg som vanleg campusemne (TYS105) med eige opptak.

Mål og innhald

Emnet omfattar eit basiskurs i tysk grammatikk. Kurset gir ei innføring i tysk morfologi (substantiv, adjektiv, pronomen, verb) og i grunnleggjande trekk ved tysk syntaks (grammatisk analyse, sideordning og underordning av setningar, kasus, tempus).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har gode basiskunnskapar i tysk grammatikk
  • har grunnleggjande kunnskap om tysk grammatisk fagterminologi

Dugleik:

Studenten

  • kan bruke grunnleggjande tysk fagterminologi
  • kan bruke enkle syntaktiske analyseverktøy

Grunnkompetanse

Studenten

  • har eit godt grunnlag for å utvide eigen praktisk og teoretisk kompetanse i tysk språk
  • er i god stand til å halde fram tyskstudiet på 100-nivå

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS625 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS111, TYS111H, TYS111-F, TYS105 eller med TYS621.

Krav til studierett

Ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstilbodet omfattar online forelesingar som føreset aktiv deltaking frå studentane, og ei online øvingsgruppe.

  • Ein dobbeltime online forelesing og ein dobbeltime online øvingsgruppe
  • Ein førebuingspakke per veke for sjølvstudium
  • 12 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er oppmøteplikt til 75% av forelesingane. 

Kvar veke skal det løysast ei oppgåve knytt til innhaldet i førebuingspakkane. 8 slike oppgåver må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Alle arbeidskrava må vere godkjende i same semester før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 4 timars skriftleg digital heimeeksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum omfattar sentrale element i tysk grammatikk og øvingsoppgåver.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk. 

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Ein kan kontakte studierettleiar her:

evu@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    26.09.2022, 09:00
    Innleveringsfrist
    26.09.2022, 13:00
    Trekkfrist
    12.09.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen