Tyskspråkleg kultur, nettbasert
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeTYS626
- Talet på semester1
- SpråkTysk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Ikkje relevant.
Undervisningssemester
Vår. Emnet går første gong våren 2021.
Undervisningsstad
Nettbasert. Dette emnet finst òg som vanleg campusstudium (TYS106) i Bergen.
Mål og innhald
Emnet tematiserer ulike aspekt ved tyskspråkleg kultur og historie frå opplysningstida (1760) fram til i dag med utgangspunkt i ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten:
- skal tileigne seg grunnleggjande kunnskapar om bakgrunnen for det moderne tyske samfunnet og den kulturelle utviklinga i Tyskland.
- har kunnskap om den tyske nasjonsbyggingsprosessen og statsdanninga og særtrekk ved ulike kulturhistoriske periodar
Ferdigheiter: Studenten:
- skal forstå kulturhistoriske fagtekstar og ulike estetiske uttrykk og kunne arbeide sjølvstendig med desse
- skal kunne arbeide sjølvstendig med ulike media for å tileigne seg forståing av den kulturelle utviklinga i Tyskland
Generell kompetanse: Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om utvalde tema innan tyskspråkleg kultur i perioden frå opplysningstida (1760) fram til i dag
- har eit reflektert forhold til stoffet
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS626 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS112, TYS112-F eller med TYS106.
Krav til studierett
Ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisingstilbodet omfattar online forelesingar og online
kollokvium. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad.
2 online dobbelttimar (à 90 min.)
12 veker.
Opp til halvparten av dobbeltimane kan erstattast av digitale
førebuingspakkar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er oppmøteplikt til 75 % av undervisinga.
I løpet av semesteret skal det skrivast ei øvingsoppgåve (ca. 500-700 ord) og haldast ein munnleg presentasjon.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Vurdering skjer på grunnlag av ein sju dagars heimeeksamen.
Omfanget på heimeeksamenen skal vere ca. 1500 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste. Studentane vil mellom anna få breiddespørsmål frå pensum på heimeeksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ved heimeeksamen er alle hjelpemiddel er tillatne.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum omfattar ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for tysk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Ein kan kontakte studierettleiar her:
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 25.05.2022, 09:00
- Innleveringsfrist
- 02.06.2022, 13:00
- Trekkfrist
- 11.05.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen