Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Tysk språk og tekstkunnskap, nettbasert

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Nettbasert.

I perioden mellom undervisningsslutt og eksamen blir det tilbod om eit frivillig opphald i Kiel i tre veker.

Dette emnet finst òg som campusemne (TYS107) med eige opptak.

Mål og innhald

I dette emnet skal studentane lære grunnleggjande tysk akademisk lesing og skriving. Eit overordna mål er å setje studentane i stand til å forstå og skrive akademiske tekstar på tysk.

Kurset skal styrke studentane si evne til å

  • samanfatte og skildre tekstar
  • bruke strategiar for å finne fram til formuleringar og tekststruktureringsmiddel til bruk i eigen tekstproduksjon

Læringsutbyte

Kunnskap: Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om skriftleg og munnleg kommunikasjon i ei akademisk ramme, dvs. beherskar språklege handlingar som å samanfatte, beskrive, analysere, fortolke, diskutere, drøfte og konkludere
  • har kunnskap om ulike lese- og skrivestrategiar som passar til ulike sjangrar
  • har kunnskap om ulike skjønnlitterære sjangrar og sakprosasjangrar og tyske fagomgrep som er relevante for å arbeide med desse

Dugleik: Studenten

  • kan uttrykkje seg godt akademisk på tysk både munnleg og skriftleg
  • kan bruke sentrale lese- og skrivestrategiar på ulike sjangrar
  • beherskar grunnleggjande munnlege presentasjonsteknikkar
  • kan arbeide sjølvstendig med utgangspunkt i tydelege problemstillingar
  • kan arbeide sjølvstendig med ulike sjangrar og delar av ein tekst

Grunnkompetanse: Studenten:

  • har eit godt grunnlag for å utvida eigen praktisk kompetanse i tysk språk
  • er godt førebudd på å halde fram tyskstudiet på 100-nivå

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS627 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS107.

Krav til studierett

Ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av online forelesingar og online øvingsgruppe. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad.

  • Ein dobbeltime online forelesing og ein dobbeltime online øvingsgruppe. Avhengig av ressurssituasjonen på faget kan øvingsgruppa utgå. Studentane får tilbod om å levere inn frivillige øvingsoppgåver.
  • Ein førebuingspakke per veke for sjølvstudium
  • 12 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesingane.

Det skal skrivast tre rettleidde tekstar (kvar på ca. 2000 ord). To av tekstane skal vere innanfor litteratur/kultur, ein innanfor språk. To av desse tekstane skal inngå i ei mappe som er grunnlag for vurdering.

Oppmøteplikta og dei 3 rettleidde tekstane er gyldige i to semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappe med to tekstar (kvar på ca. 2000 ord). Studenten vel sjølv kva for to av dei tre tekstane nemnd under obligatorisk undervisningsaktivitet hen ønskjer å ha med i mappa. Innleveringsfrist for tekstane vil bli annonsert i starten av semesteret.

Det er ikkje mogleg å levere mappe i undervisningsfritt semester, men ein kan levere mappa neste undervisningssemester/vårsemester. Har mappa vore levert før, må tekstane omarbeidast. (Oppmøteplikta er gyldig i to semester etter undervisningssemesteret.)

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår.

Litteraturliste

Pensum er eit kompendium med tekstar i og om ulike sjangrar som skal vere grunnlag for utviklinga av lese- og skrivedugleiken til studentane. Det omfattar òg oversyn (lister) over ord og uttrykk som er viktige for å strukturere og skape samanheng i tekstar.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Ein kan kontakte studierettleiar her:

evu@if.uib.no

Eksamensinformasjon