Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Tyskspråkleg litteratur, nettbasert

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeTYS636
  • Talet på semester1
  • SpråkTysk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert. Dette finst òg som vanleg campusstudium TYS116 i Bergen.

Mål og innhald

Emnet omfattar ei generell innføring i historia til den tyskspråklege litteraturen frå ca. 1750 fram til i dag med utgangspunkt i eit utval litterære verk eller utdrag av verk (epikk, dramatikk og lyrikk).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten:

  • har grunnleggjande kunnskap om epokar og utviklingstrekk i den tyskspråklege litteraturhistoria frå romantikken og fram til i dag.
  • er i stand til å tileigne seg forståing og arbeide sjølvstendig med sentrale tyskspråklege skjønnlitterære verk frå ca. 1750 og fram til i dag

Ferdigheiter:

Studenten:

  • kan lese og tileigne seg forståing av sentrale tyskspråklege skjønnlitterære verk frå ulike epokar frå ca. 1750 og fram til i dag
  • kan setje sentrale verk inn i ein kultur- og litteraturhistorisk kontekst
  • kan gjere greie for særdrag ved utviklingstrekk ved tyskspråkleg litteratur og litteraturhistorie

Generell kompetanse:

Studenten:

  • er i god stand til på eiga hand å utvide kunnskapen om og innsikten i tyskspråkleg litteratur og litteraturhistorie
  • er godt førebudd på å halde fram tyskstudiet på 200-nivå

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har bestått TYS106 / TYS626 eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS636 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS114, TYS114-F eller med TYS116.

Krav til studierett

Ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av nettbaserte forelesingar og førbuingspakkar. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad.

¿ to nettbaserte forelesingar på 75 min kvar. 

eller:

  • ei nettbasert forelesing på 75 min. og ei førebuingspakke som tilsvarar 75 minutt. 

¿ 12 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesingane

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter. 

I løpet av semesteret skal det skrivast ei øvingsoppgåve (ca. 500-700 ord) og haldast ein kort munnleg presentasjon.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ein sju dagars heimeeksamen (om lag 1500 ord) og ein munnleg eksamen (ca. 20 minutt).

Den munnlege eksamenen skal vere ein presentasjon på om lag 10 minutt. På den munnlege eksamenen blir det òg stilt spørsmål om heimeeksamen og pensum elles.

Begge eksamensdelane må vere greidd i same semesteret.

Det blir gitt éin samla karakter. Ved fastsetjinga av denne karakteren tel heimeeksamenen 50% og munnleg eksamen 50%.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum omfattar eit utval litterære verk, ei kort innføring i litteraturhistoria frå det 18. hundreåret fram til i dag.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret. 

Emneevaluering

Pensum omfattar sentrale element i tysk grammatikk, lydlære og øvingsoppgåver.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Programansvarleg

Programstyret i tysk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no