Tyskspråkleg litteratur, nettbasert
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeTYS636
- Talet på semester1
- SpråkTysk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Emnet omfattar ei generell innføring i historia til den tyskspråklege litteraturen frå ca. 1750 fram til i dag med utgangspunkt i eit utval litterære verk eller utdrag av verk (epikk, dramatikk og lyrikk).
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om epokar og utviklingstrekk i den tyskspråklege litteraturhistoria frå romantikken og fram til i dag.
- er i stand til å tileigne seg forståing og arbeide sjølvstendig med sentrale tyskspråklege skjønnlitterære verk frå ca. 1750 og fram til i dag
Ferdigheiter:
Studenten:
- kan lese og tileigne seg forståing av sentrale tyskspråklege skjønnlitterære verk frå ulike epokar frå ca. 1750 og fram til i dag
- kan setje sentrale verk inn i ein kultur- og litteraturhistorisk kontekst
- kan gjere greie for særdrag ved utviklingstrekk ved tyskspråkleg litteratur og litteraturhistorie
Generell kompetanse:
Studenten:
- er i god stand til på eiga hand å utvide kunnskapen om og innsikten i tyskspråkleg litteratur og litteraturhistorie
- er godt førebudd på å halde fram tyskstudiet på 200-nivå
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS636 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS114, TYS114-F eller med TYS116.
Krav til studierett
Ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i form av nettbaserte forelesingar og eventuelt førbuingspakkar (sjå nedanfor). Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad.
- To dobbeltimar forelesing
- 12 veker
eller:
- Ein dobbeltime forelesing
- Ein førebuingspakke per veke for sjølvstudium
- 12 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesingane
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
I løpet av semesteret skal det skrivast ei øvingsoppgåve (ca. 500-700 ord) og haldast ein kort munnleg presentasjon.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Eksamen er ein sju dagars heimeeksamen (om lag 1500 ord) og ein munnleg eksamen (ca. 20 minutt).
Den munnlege eksamenen skal vere ein presentasjon på om lag 10 minutt. På den munnlege eksamenen blir det òg stilt spørsmål om heimeeksamen og pensum elles.
Begge eksamensdelane må vere greidd i same semesteret.
Det blir gitt éin samla karakter. Ved fastsetjinga av denne karakteren tel heimeeksamenen 50% og munnleg eksamen 50%.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum omfattar eit utval litterære verk, ei kort innføring i litteraturhistoria frå det 18. hundreåret fram til i dag.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Pensum omfattar sentrale element i tysk grammatikk, lydlære og øvingsoppgåver.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.
Programansvarleg
Programstyret i tysk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Studierettleiar:
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen og munnleg eksamen
- Trekkfrist
- 15.02.2023
Eksamensdel: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 27.03.2023, 09:00
- Innleveringsfrist
- 03.04.2023, 13:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Munnleg eksamen
- Innleveringsfrist
- 17.03.2023, 10:00