Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Fagdidaktikk i tysk i lektorutdanninga 1

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Tredje semester (haustsemester) i lektorutdanningsprogrammet for studentar som tek faget som fag I. Femte semester (haustsemester) for studentar som tek faget som fag II.

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen. Undervisninga kan også føregå digitalt.

Mål og innhald

Emnet har som målsetjing å gje studentane ei grunnleggjande innføring i fagfeltet tyskdidaktikk innan desse hovudområda:

  • Tyskfaget si legitimering og eigenart
  • Sentrale styringsdokument for faget
  • Språklæring
  • Språk og kommunikasjon

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
  • har kunnskap om tyskfaget si utvikling som skolefag
  • har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og tilnærmingar

Dugleikar:

Studenten

  • kan analysere styringsdokument for skolefaget
  • kan reflektere over og drøfte skolepraksis i lys av relevant fagdidaktisk teori

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan reflektere over eiga læring
  • kan reflektere over og drøfte problemstillingar knytte til tysk som skolefag
  • kan beskrive og reflektere over elevar si læring

Krav til forkunnskapar

For studentar som tek tysk som fag I: PEDA 120 og KOPRA101

For studentar som tek tysk som fag II: KOPRA102

Minimum 15 studiepoeng i tysk.

Tilrådde forkunnskapar

30 studiepoeng i tyskfaglege emne på 100-nivå.

Studiepoengsreduksjon

TYSDI101H (100 %)

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoeng-uttellinga for TYSDI101 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med TYSDI101H, TYSK621 eller TYSK622.

Krav til studierett

Studentar på lektorutdanninga ved Det humanistiske fakultet med tysk som fag I eller fag II

Arbeids- og undervisningsformer

12 timar førelesingar. 

Seminar: 2 (4) timar (avhengig av talet på studentar).

Seminar: 2 dagar for- og etterarbeid knytt til emnet KOPRA102 for studentar som tek tysk som fag I, og 2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek tysk som fag II.

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å få gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit sjølvstendig munnleg (om lag 10 minutt) og eit skriftleg arbeid (om lag 750 ord) der dei analyserer eit språkfagleg spørsmål i lys av fagdidaktisk teori. Arbeidet skal gjerast på tysk. Nærare retningslinjer blir gitt i studiet.

2 dagar obligatorisk for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA102 for studentar som tek tysk som fag I.

2 dagar obligatorisk for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek tysk som fag II.

Undervisninga er obligatorisk (80%), og det er venta at studentane er godt førebudde til og aktivt deltakande i undervisninga. 

Vurderingsformer

Eksamensforma er heimeeksamen (tre dagar) med oppgjeve emne, ca. 2500 ord. Retningsliner for heimeeksamen vert gitt i studiet. Halvparten av heimeeksamen skal skrivast på norsk og den andre halvparten på tysk.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum utgjer om lag 275 sider av normal vanskegrad.

Institutt for framandspråk gjev forslag om spesifisert pensumliste i emnet.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane evaluerer undervisninga ved slutten av semesteret i tråd med fastsette prosedyrar for undervisningsevaluering.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon