Hjem

Utdanning

Masteremne

Fagdidaktikk i tysk i lektorutdanningen 3

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeTYSDI111
  • Talet på semester1
  • SpråkTysk og norsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Haustsemesteret, 7. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar som tek faget som fag II.

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane ei vidare innføring i fagfeltet tysk fagdidaktikk innanfor to hovudområde:

- Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning

- Tilrettelegging for læring 

Læringsutbyte

Studentane skal:

- ha innsikt i teoriar om språk og kommunikasjon og kunne sjå desse i eit kulturperspektiv

- ha innsikt i tysk som dannings- og dugleiksfag

- kunne lage undervisningsopplegg der arbeidsformer og innhald er knytte til grunnleggjande fagforståing og innsikt i læringsprosessar i tyskfaget

- kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på tysk innan fagfeltet

Krav til forkunnskapar

Minimum 60 studiepoeng i tysk på 100-nivå i språk og litteratur inkludert 5 studiepoeng tysk fagdidaktikk.

Krav til studierett

Opptak til lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing: 2 timar per veke i 6 veker

Seminar: 2 timar per veke i 2 veker


Om det melder seg få studentar til eit emne, kan
undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer eit undervisningsopplegg og drøftar det i lys av fagdidaktisk teori.

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av ein sju dagars heimeeksamen med gitt emne. Omfanget skal vere ca. 2500 ord, ikkje medrekna oppgåveformulering, innhaldsoversyn og litteraturliste.

Retningsliner for heimeeksamen blir gitt i studiet.

Heimeeksamen skal skrivast på tysk.

Studentane evaluerer undervisninga ved slutten av semesteret i tråd med fastsette prosedyrar for undervisningsevaluering.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 350 sider av normal vanskegrad.

Faglæraren gir framlegg til spesifisert pensumliste i emnet.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no