Hjem

Utdanning

Masteremne

Fagdidaktikk i tysk for integrert lektorutdanning 3

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vårsemesteret, 8. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar med tysk som fag I.

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane ei vidareføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor tre hovudområde:

- Strategiar for språkkompetanse

- Tilrettelegging for tysklæring

- Rettleiing og vurdering 

Læringsutbyte

Studentane skal kunne:

- drøfte problemstillingar som gjeld vilkår for læring og utvikling.

- undersøke læring i eige klasserom i tyskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg.

- rettleie elevane i læringsprosessane deira på grunnlag av teoriar om framandspråkslæring, språk og kultur, og vurdere elevane sitt læringsutbytte.

- vurdere og grunngi val av læremiddel og arbeidsformer i tyskundervisninga.

- uttrykkje seg munnleg og skriftleg på tysk innan fagfeltet.

Krav til forkunnskapar

100-nivå og 200-nivå i tysk språk som fag I; 100-nivå i fag II og gjennomført praksis i skolen i 7. semester.

Krav til studierett

Opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing: 2 timar per veke i 8 veker

Seminar: 2 timar per veke i 2 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane

- ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer og drøftar eigne erfaringar frå praksisklasserommet i lys av ein eller fleire pensumtekstar i tyskfaget.

- ha levert eit førsteutkast til prosjektoppgåva.

Vurderingsformer

Eksamen er ei rettleia prosjektoppgåve der studentane sjølve vel tema og problemstilling. Nærare retningsliner for oppgåva vert gitt i studiet.

Oppgåva vert skriven på tysk.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 700 sider. Institutt for framandspråk føreslår spesifisert pensumliste i emnet.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    14.06.2019, 13:00
    Trekkfrist
    31.05.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen