Hjem
Studentsider
Masteremne

Fagdidaktikk i tysk for integrert lektorutdanning 3

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vårsemesteret, 8. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar med tysk som fag I.

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og online

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane ei vidareføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor fire hovudområde:

- Strategiar for språkkompetanse

- Fleirspråklegheit

- Tilrettelegging for tysklæring

- Rettleiing og vurdering 

Læringsutbyte

Studentane skal kunne:

- drøfte problemstillingar som gjeld vilkår for læring og utvikling.

- undersøke læring i eige klasserom i tyskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg.

- rettleie elevane i læringsprosessane deira på grunnlag av teoriar om framandspråkslæring, språk og kultur, og vurdere elevane sitt læringsutbytte.

- vurdere og grunngi val av læremiddel og arbeidsformer i tyskundervisninga.

- uttrykkje seg munnleg og skriftleg på tysk innan fagfeltet.

Krav til forkunnskapar

100-nivå og 200-nivå i tysk språk som fag I; 100-nivå i fag II og gjennomført praksis i skolen i 7. semester.

Tilrådde forkunnskapar

Sjå "Krav til forkunnskaper"

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing: 2 timar per veke i 8 veker

Seminar: 2 timar per veke i 2 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane

- ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer og drøftar eigne erfaringar frå praksisklasserommet i lys av ein eller fleire pensumtekstar i tyskfaget.

- ha levert eit førsteutkast til prosjektoppgåva.

Vurderingsformer

Eksamen er ei rettleia prosjektoppgåve på 4000 ord der studentane sjølve vel tema og problemstilling. Nærare retningsliner for oppgåva vert gitt i studiet.

Oppgåva vert skriven på tysk.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 700 sider. Institutt for framandspråk føreslår spesifisert pensumliste i emnet.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon