Tysk 1a: Språk, kultur og framandspråksdidaktikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- TYSK621
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Tysk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet skal bidra til å utvikle fagleg trygge og reflekterte tysklærarar som kan bruke forskingsbasert kunnskap i eigen praksis.
Gjennom studiet skal studenten utvikle forståing for sentrale språklege, kulturelle og språkdidaktiske problemstillingar. Dei fire kjerneelementa i læreplanen for framandspråk, Kommunikasjon, Interkulturell kompetanse, Fleirspråklegheit og språklæring og Språkteknologi og digitale ressursar, uttrykker kva som er det mest sentrale i tyskfaget i skolen. Kjerneelementa viser samstundes kva kunnskapar og ferdigheiter som trengst for å vere ein god tysklærar, og dei dannar dermed grunnlaget for oppbygginga av emnet. Emnet er praktisk orientert. Det legg særleg vekt på korleis studenten kan fremme god språkopplæring i tråd med læreplanen for framandspråk og teoretisk kunnskap som gir aktive, utforskande og kreative elevar.
Innhald
Sentrale tema i studiet er:
1. Tysk språk i eit kontrastivt perspektiv
2. Språklæring: Skriftleg og munnleg kommunikasjon
3. Kulturuttrykk frå tyskspråklege område
5. Bruk av språkteknologi og digitale ressursar
6. Forskingsbasert planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten skal
- ha innsikt i tysk som dannings- og dugleiksfag
- ha kunnskap om tysk språk og kunne bruke relevante fagord til å beskrive og samanlikne tysk med norsk og andre språk elevane kan.
- ha kunnskap om sentrale tema innan tyskpråkleg kultur (medrekna daglegliv, tradisjonar, verdiar, kunstnariske og kulturelle uttrykk frå målspråksområda)
- innsikt i sentrale styringsdokument for tyskfaget
- innsikt i teoriar om framandspråklæring og kunnskap om relevante lærings- og kommunikasjonsstrategiar
- ha kritisk kunnskap om digitale og analoge læringsressursar for målgruppa
Dugleik
Studenten kan
- kommunisere med god uttale og intonasjon og nytte varierte språkstrukturar i munnleg og skriftleg kommunikasjon
- ta i bruk tysk som undervisningsspråk
- ta i bruk forskingsbasert kunnskap for å planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med læreplanen for framandspråk
- leggje til rette for ulike arbeidsmåtar som fremjar utforsking og kreativitet i framandspråkopplæringa
- bruke digitale verkty i undervisninga og ha ei bevisst og kritisk haldning til desse
- bruke læringsfremjande vurderingsformer
Generell dugleik
Studenten kan
- reflektere over og vidareutvikle eigen språkleg og interkulturell kompetanse
- reflektere over, vurdere og vidareutvikle eigen praksis
- bidra aktivt i arbeidet med innovasjonsprosessar i skolen
- samhandle med andre i profesjonsgjennomføringa
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Fullført lærarutdanning og tilsetjing i skolen. Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkjar er tilsett i skolen, men ein må ha godkjend pedagogisk utdanning.
Studenten må ha forkunnskapar i tysk tilsvarande nivå II (tidlegare B-språk) frå vidaregåande skole, eller ha budd ein lengre periode i eit tyskspråkleg land.
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet er nettbasert, og all undervisning og kommunikasjon går føre seg på den digitale læringsplattformen til studiet. Undervisninga går over tolv veker og inneheld tolv modular. Kvar modul har skriftlege og munnlege tekstar (filmar, podcastar) knytt til dei fire kjerneelementa i læreplanen for framandspråk. Studiet føreset aktiv munnleg og skriftleg deltaking på tysk og norsk frå studentane i form av blant anna diskusjonar i mindre grupper, prosjektbasert læring, og sjølvstudium. Kvar student får tilbod om ein tyskspråkleg tandempartnar for å fremme jamleg kontakt med tysk språk og kultur.
Studentane får jamleg undervegsvurdering frå lærarar og medstudentar knytt til oppgåver og deltaking i undervisninga.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Undervisninga føregår måndagar og onsdagar. Det er obligatorisk å vera til stades på minst 80 % av organiserte, nettbaserte undervisningsaktivitetar (førelesingar, grupper og prosjektarbeid) onsdagar. Måndagar er eit frivillig ekstratilbod for dei som ønsker meir språkleg trening.
Det er tre obligatoriske innleveringsoppgåver på emnet:
1. ein skriftleg (maks 1500 ord) og ein munnleg (maks fem minutt video) del
2. individuell, skriftleg innleverin g(maks 1500 ord)
3. innlevering av gruppearbeid, med skriftleg refleksjon (maks 2000 ord)
Desse må vere godkjende innan to veker før endeleg vurdering. I tillegg har studentane tilbod om å utføre varierte, frivillige oppgåver kvar veke. Alle oppgåvene, både dei obligatoriske og dei frivillige, får undervegsvurdering.
Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Sluttvurderinga er ei mappeinnlevering mot slutten av semesteret. Dei tre rettleidde, obligatoriske innleveringane gjennom kurset utgjer mappa. Nærare spesifikasjonar blir gitt på Mitt UiB.
Det blir gitt ein samla karakter på mappa.
Ved eksamen i det følgjande semesteret (midtsemestereksamen) leverer studenten som har oppfylt krava til obligatoriske undervisingsaktivitet i undervisningssemesteret omarbeidde mappeoppgåver utan vidare rettleiing.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Tilsvarande om lag 750 siders pensum, inkludert film, video, innspelt undervisning, og anna audiovisuelt materiale.
Litteraturlista vil vera klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.