Hjem
Utdanning

Emnebeskrivelse for TYSK621 Tysk 1a: Språk, kultur og framandspråksdidaktikk, haust 2020

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Deltid (15 studiepoeng)

Undervisningsspråk

Tysk og norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert undervisning

Mål og innhald

Mål 

Emnet skal bidra til å utvikle fagleg trygge og reflekterte tysklærarar som kan bruke forskingsbasert kunnskap i eigen praksis.

Gjennom studiet skal studenten utvikle forståing for sentrale språklege, kulturelle og språkdidaktiske problemstillingar. Dei fire kjerneelementa i læreplanen for framandspråk, Kommunikasjon, Interkulturell kompetanse, Fleirspråklegheit og språklæring og Språkteknologi og digitale ressursar, uttrykker kva som er det mest sentrale i tyskfaget i skolen. Kjerneelementa viser samstundes kva kunnskapar og ferdigheiter som trengst for å vere ein god tysklærar, og dei dannar dermed grunnlaget for oppbygginga av emnet.  Emnet er praktisk orientert. Det legg særleg vekt på korleis studenten kan fremme god språkopplæring i tråd med læreplanen for framandspråk og teoretisk kunnskap som gir aktive, utforskande og kreative elevar. 

Innhald

Sentrale tema i studiet er: 

1. Tysk språk i eit kontrastivt perspektiv

2. Språklæring: Skriftleg og munnleg kommunikasjon

3. Kulturuttrykk frå tyskspråklege område

5. Bruk av språkteknologi og digitale ressursar

6. Forskingsbasert planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten skal

- ha innsikt i tysk som dannings- og dugleiksfag

- ha kunnskap om tysk språk og kunne bruke relevante fagord til å beskrive og samanlikne tysk med norsk og andre språk elevane kan.

- ha kunnskap om sentrale tema innan tyskpråkleg kultur (medrekna daglegliv, tradisjonar, verdiar, kunstnariske og kulturelle uttrykk frå målspråksområda)

- innsikt i sentrale styringsdokument for tyskfaget

- innsikt i teoriar om framandspråklæring og kunnskap om relevante lærings- og kommunikasjonsstrategiar 

- ha kritisk kunnskap om digitale og analoge læringsressursar for målgruppa 

Dugleik

Studenten kan

- kommunisere med god uttale og intonasjon og nytte varierte språkstrukturar i munnleg og skriftleg kommunikasjon

- ta i bruk tysk som undervisningsspråk

- ta i bruk forskingsbasert kunnskap for å planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med læreplanen for framandspråk

- leggje til rette for ulike arbeidsmåtar som fremjar utforsking og kreativitet i framandspråkopplæringa 

- bruke digitale verkty i undervisninga og ha ei bevisst og kritisk haldning til desse

- bruke læringsfremjande vurderingsformer 

Generell dugleik

Studenten kan

- reflektere over og vidareutvikle eigen språkleg og interkulturell kompetanse 

- reflektere over, vurdere og vidareutvikle eigen praksis  

- bidra aktivt i arbeidet med innovasjonsprosessar i skolen

- samhandle med andre i profesjonsgjennomføringa

Krav til forkunnskapar

Fullført lærarutdanning og tilsetjing i skolen. Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkjar er tilsett i skolen, men ein må ha godkjend pedagogisk utdanning.

Studenten må ha forkunnskapar i tysk tilsvarande nivå II (tidlegare B-språk) frå vidaregåande skole, eller ha budd ein lengre periode i eit tyskspråkleg land.

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

TYS100: 5 stp

TYS105: 5 stp

TYS106: 5 stp

DIDATYS1: 5 stp

TYSDI101: 5 stp

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er nettbasert, og all undervisning og kommunikasjon går føre seg på den digitale læringsplattformen til studiet. Undervisninga går over tolv veker og inneheld fire modular. Kvar modul har skriftlege og munnlege tekstar (filmar, podcastar) knytt til dei fire kjerneelementa i læreplanen for framandspråk. Studiet føreset aktiv munnleg og skrftleg deltaking på tysk og norsk frå studentane i form av blant anna diskusjonar i mindre grupper, prosjektbasert læring, og sjølvstudium. Studentane får tilgang til eit digitalt ressursbibliotek som er særskilt utvikla for studiet. Kvar student får dessutan tilbod om ein tyskspråkleg tandempartnar for å fremme jamleg kontakt med tysk språk og kultur. 

Studentane får jamleg underveisvurdering frå lærarar og medstudentar knytt til oppgåver og deltaking i undervisninga.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å vera til stades på minst 80 % av organiserte, nettbaserte undervisningsaktivitetar (førelesingar, grupper og prosjektarbeid).

Det er to munnlege og to skriftlege obligatoriske innleveringsoppgåver på emnet. Desse må vere godkjende innan to veker før endeleg vurdering.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Sluttvurderinga er ei mappeinnlevering mot slutten av semesteret. Tre av dei obligatoriske innleveringane gjennom kurset utgjer mappa. Studentane vel sjølve kva for innleveringar som skal vere med i mappa. 

Hjelpemiddel til eksamen

Alle

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Det er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Tilsvarande om lag 750 siders pensum, inkludert film, video, innspelt undervisning, og anna audiovisuelt materiale.

Litteraturlista vil vera klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevaluering skjer i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.  

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no