Gravejournalistikken sitt grunnlag
- Studiepoeng30
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeUJO301
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Media City Bergen
Mål og innhald
Målet med emnet er å etablere eit historisk, teoretisk, etisk og praktisk grunnlag for ei praktisk og teoretisk fordjupning i undersøkande journalistikk. Undersøkande journalistikk blir plassert inn i fagets samanheng. Samtidig blir dette gjort aktuelt gjennom drøfting av aktuelle døme på gravejournalistisk verksemd. Det blir lagt vekt på utforsking av publiserte og omdiskuterte grave-case samt tett samarbeid med undersøkande journalistikkmiljø. Emnet skal vidare bidra til oversikt og innsikt i relevante samfunnsinstitusjonar sine operative roller, i tillegg til dei rammefaktorane som bidreg til å setje premiss for undersøkande journalistikk. Emnet gir ein første oversikt i relevante metodar. Særleg vil det bli vektlagt oversikt innan datajournalistikk.
Modul 1 fokuserer på analyse og diskusjon av case i undersøkande journalistikk der reporterane har utmerka seg med spesielt interessante metodetilnærmingar eller resultat som har fått store konsekvensar og ført til handfaste endringar i samfunnet. Problematiske og omdiskuterte case vil også bli ettergått i konstruktivt lys. Her vil det bli arbeidd spesielt tett med gjestelærarar frå bransjen og frå ulike samfunnsinstitusjonar. Aktuelle tema kan hentast frå for eksempel helsejournalistikk, økonomijournalistikk, sportsjournalistikk, miljøjournalistikk eller kulturjournalistikk.
Modul 2 drøftar historisk og samtidig plassering av den undersøkande journalistikk. Det blir gitt oversikt og innsikt i institusjonar som samfunnsaktørar, og relevante rammevilkår innanfor etikk og jus, ikkje minst innsyn og offentleghetslov, blir løfta fram og drøfta. Gjennom workshops får studentane høve til å bryne argument og også praktisk trening når dei arbeider med ulike former for oppgåveløysing.
Modul 3 har eit eksplisitt fokus på bruk av nye teknologiar i undersøkande journalistikk. Her vil studentane få oversikt over, og trene på, teknologiar som kan brukast til datainnsamling, analyse og presentasjon av gravemateriale for eksempel gjennom datavisualiseringar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- kan forklare, diskutere og kritisk evaluere aktørrolla til sentrale norske samfunnsinstitusjonar
- kan forklare, diskutere og kritisk evaluere tema som handlar om offentlegheitslov, personvern og etiske retningsliner i undersøkande journalistikk
Dugleik:
Studenten
- kan analysere og kjenne att sterke og svake sider ved metodar og data brukt i ulike former for undersøkande journalistikk
- kan gjere bruk av datajournalistiske verktøy og andre former for ny teknologi i sjølvstendige graveprosjekt, og reflektere vitskapleg over desse tilnærmingane
Generell kompetanse:
Studenten
- kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar innan feltet undersøkande journalistikk
- kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor fagområdet undersøkande journalistikk, både med spesialistar og eit allment publikum
Krav til studierett
Masterprogram i undersøkande journalistikk
Arbeids- og undervisningsformer
Workshops, instruksjon og rettleiing
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk, og inkluderer blant anna:
- Deltaking i workshops og øvrig undervisning
- Innlevering og godkjenning av oppgåver i samband med workshops
- Gruppeprosjekt
Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Heimeeksamen som går over tre (3) dagar.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.