Prosjektdesign

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål og innhald

Emnet gir studentane teoretisk og praktisk kunnskap i design, utvikling og gjennomføring av masterprosjektet som eit individuelt opplegg eller som eit samarbeidsprosjekt med andre studentar i dei produksjonsorienterte masterprogramma eller med journalistar i ei mediebedrift. Emnet fokuserer på prosjektorganisering individuelt og i team, og inkluderer også refleksjonar om nyskapande potensial i undersøkande prosjekt. Det blir lagt vekt på aktiv læring. Kurset er delt i fem modular:

Modul 1 er ein intensiv introduksjonsworkshop. Her lærer studentane om krav til prosjektdesign og skriving av prosjektplan. Dei vil også diskutere opningar for samarbeid og utfordringar med prosjektorganisering. Dette førebur studentane på kva som trengst for å utvikle eit solid masterprosjekt med ein produksjonsdel og ein teoretisk del.

Modul 2 fokuserer på design og utvikling av produksjonsdelen i masterprosjektet. Studentane arbeider med prosjektutviklinga individuelt eller i team. Her vil dei mellom anna trena på å gi tilbakemeldingar på  prosjektutkasta til kvarandre. Dei gjer også førebuande feltarbeid eller andre undersøkingar. Val av plattform(er) og ulike former for presentasjon av den ferdige produksjonen blir løfta fram og diskutert. Modul 2 tilbyr også workshops i undersøkande metode, vidareutvikla frå UJO301, og basert på dei aktuelle studentprosjekta sine innretningar. 

I Modul 3 byrjar studentane å utforske individuelle tema for den teoretiske delen av masteroppgåva. Gjennom lesing av relevant litteratur, diskusjonssirklar og litteratursøk skaffar dei seg eit oversyn over eige interessefelt. Den konkrete problemstillinga kvar enkelt ønsker å gå i djupna på, bør springa ut frå problemstillingar han eller ho støtar på i samband med produksjonsdelen. Dei lærer om ulike metodar for innsamling og analyse av forskingsdata. Dette blir arbeidd med i workshops, og kopla med innsikt i akademisk integritet og trening i avanserte litteratursøk og referanseteknikk. I denne modulen vil studentane også få kritisk innsikt i ulike aspekt ved  skriving av metoderapportar og i handtering av persondata.

Modul 4 er vigd konkrete datajournalistiske og etiske problemstillingar i researchfasen av prosjektet, og dessutan intensivert nettverksbygging. Studentane utforskar tema som til dømes innsyn, personvern og korleis gå fram når ein skal møte kjelder i større prosjekt.  Ulike digitale verktøy for å systematisere, strukturere og analysere store mengder informasjon blir testa ut. Den enkelte studenten arbeider aktivt med å kople eige prosjektdesign opp mot pågåande og tidlegare undersøkande prosjekt. Det kan mellom anna skje gjennom deltaking i den årlege SKUP-konferansen, og gjennom opningar for internasjonalt samarbeid til dømes gjennom GIJN. 

I modul 5 ligg fokuset på nye metodar og format i historieforteljing. Det blir knytt samband mellom prosjektet som er under utvikling og det endelege produktet. Studentane blir introdusert for og utfordra på ulike tenkemåtar rundt planlegging av eit ferdig format: korleis kan ein fortelje historia? Korleis skal historia byggast opp? Kva for format er mest tenleg? 

Læringsutbyte

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

har teoretisk og praktisk kunnskap i design, utvikling og gjennomføring av masterprosjektet som eit individuelt opplegg eller som eit samarbeidsprosjekt

Dugleik:

Studenten

kan formulere klare forskingsspørsmål og velge relevante teoriar og metodar for praksisbaserte forskingsprosjekt har avanserte ferdigheiter i akademisk skriving, litteratursøk og forskningsdesign kan diskutere etiske, praktiske og metodiske tema relatert til spesifikke forskningsprosjekt i undersøkande journalistikk kan analysere og vurdere potensialet for innovasjon og entreprenørskap i journalistiske prosjekt

Generell kompetanse:

Studenten

kan bruke kunnskapane og ferdigheitene sine til å utvikle eit bærekraftig, avansert forskingsbasert prosjekt i undersøkande journalistikk kan bruke kunnskapane og ferdigheitene til raskt å sette seg inn i nye problemstillingar og ny fagkunnskap, og å bruke denne kunnskapen i sjølvstendig og kreativ undersøkande journalistikk

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
UJO302 (15 sp)
Krav til studierett
Masterprogram i undersøkande journalistikk
Arbeids- og undervisningsformer
Workshops, seminar og rettleiing
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Komplett prosjektplan som består av produksjonsdel (3000-4000 ord), teoridel (3000-4000 ord), framdriftsplan og eventuelt utkast til samarbeidskontrakt(ar).
  • Utvikling av prosjektplan - produksjonsdel og teoridel skjer på basis av undervisningstilbodet gjennom alle dei fem modulane. Utviklinga av prosjektplanen skjer stegvis gjennom tre parallelle innleveringar:

    -    første skisse

    -    første utkast

    -    komplett prosjektplan.

    Dersom studenten tar del i eit gruppeprosjekt må den komplette prosjektplanen inkludere individuelle planar for kvar deltakar i prosjektet, samt utkast til samarbeidskontrakt med eventuelle partnarar (med-studentar og/eller redaksjon). Prosjektplanen skal og romma framdriftsplan for produksjonsdel og teoridel. I tillegg til utvikling av den konkrete prosjektplanen er det knytt mindre obligatoriske arbeidskrav til kvar av dei fem modulane. Meir informasjon blir gitt ved semesterstart.

    Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.  

    Godkjende obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

    Vurderingsformer
    Munnleg eksamen. Studentane har presentasjon på 15 minutt om status for både praktisk og teoretisk prosjekt. Presentasjonen blir følgt av ein samtale på 30 minutt. I samtalen skal studentane visa tilfredsstillande refleksjonsnivå, knytt til begge delprosjekta.
    Karakterskala
    Bestått / Ikkje bestått
    Vurderingssemester

    Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.