Hjem
Studentsider
Masteremne

Masteroppgåve i undersøkande journalistikk

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust/vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med masterprosjektet er å integrere ein produksjon i undersøkande journalistikk med ei skriftleg teoretisk-analytisk tilnærming, slik at studentane utviklar ein breispektra operativ kompetanse på feltet undersøkande journalistikk.

Masterprosjektet består av ein produksjonsretta del og ein teoretisk del. I produksjonsdelen skal studentane utvikle og gjennomføre eit undersøkande journalistisk arbeid for valfri plattform. Arbeidet kan godt utførast i team. Den enkeltes eige bidrag i teamet skal kunna vera identifiserbart. Arbeidet kan vera knytt opp mot prosjekt ved Senter for undersøkande journalistikk. Produksjonen blir kombinert med ein skriftleg, individuell metoderapport på om lag 40-50 sider. Rapporten skal både innehalda ei skildring av prosessen rundt graveprosjektet og ein teoretisk-analytisk del, der éin eller fleire dimensjonar ved eige arbeid blir drøfta ved hjelp av relevant faglitteratur.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har avansert kunnskap innan fagområdet journalistikk og spesialisert innsikt i undersøkande journalistikk
  • har inngåande kunnskap om fagområdets vitskaplege teoriar og metodar
  • kan bruke kunnskapane og ferdigheitene til raskt å sette seg inn i nye problemstillingar og ny fagkunnskap, og å bruke denne kunnskapen i sjølvstendig og kreativ undersøkande journalistikk

Dugleik:

Studenten

  • kan identifisere og gjere nytte av relevante forskingsmetodar i praktisk retta produksjonar
  • kan utvikle sin eigen prosjektplan i undersøkande journalistikk og gjennomføre sitt eige praksisbaserte forskingsprosjekt
  • har ferdigheiter i eit bredt spekter av digitale og andre verktøy for datainnsamling og dataanalyse i undersøkande journalistikk
  • har ferdigheiter i akademisk skriving og presentasjon
  • kan reflektere over, og argumentere for, metodiske og etiske val i arbeidet med eit større prosjekt i undersøkande journalistikk
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og kan praktisere uttrykksformene i journalistikken

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og kan praktisere uttrykksformene i journalistikken
  • kan arbeide individuelt og i team
  • kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar innan undersøkande journalistikk
  • har demonstrerte ferdigheiter i akademisk skriving og presentasjon
  • har vist løysingsfokusert innsikt i ulike dilemma og utfordringar som oppstår undervegs i større undersøkande prosjekt

Krav til forkunnskapar

Krav til studierett

Masterprogram i undersøkande jornalistikk

Arbeids- og undervisningsformer

  • Rettleiing/produksjonsleiing
  • Seminar
  • Workshops
  • Presentasjon av masteroppgåve

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Rettleiing i samband med masteroppgåva
  • Deltaking på seminar og workshops

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan levere masteroppgåva

Vurderingsformer

Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen.

Masteroppgåva består av:

  • produksjonsdel
  • metoderapport/teoretisk del

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust/vår

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Eksamensinformasjon