Masteroppgåve i undersøkande journalistikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- UJO350
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
For masterprosjektet har ein to alternativ; eit praktisk-teoretisk arbeid, eller ei teoretisk masteroppgave.
Praktisk-teoretisk prosjekt
Dersom ein vel det praktisk-teoretiske alternativet vil masterprosjektet innehelde ein produksjonsdel og ein teoretisk del. I produksjonsdelen kan studentane velja enten å levera eit undersøkande journalistisk arbeid, åleine eller saman med andre, eller levera eit researchdokument basert på deltaking i andre sine graveprosjekt (til dømes produksjonsselskap eller eksterne redaksjonar). Produksjonen blir kombinert med ei skriftleg, individuell masteroppgåve på 40-50 sider som bør være tematisk relatert til produksjonen, men som samstundes skal vere eit sjølvstendig teoretisk arbeid. Oppgåva skal ha ein metodedel «SKUP-rapport» og ein teoretisk del. I den teoretiske delen løftar studenten fram ei problemstilling basert på eige arbeid.
Teoretisk oppgave
Om ein vel den teoretiske masteroppgåva, vil ein i utviklinga av prosjektdesign (2.semester) utvikla eit reint teoretisk design.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- har avansert kunnskap innan fagområdet journalistikk og spesialisert innsikt i undersøkande journalistikk
- har inngåande kunnskap om fagområdets vitskaplege teoriar og metodar
- kan bruke kunnskapane og ferdigheitene til raskt å sette seg inn i nye problemstillingar og ny fagkunnskap, og å bruke denne kunnskapen i sjølvstendig og kreativ undersøkande journalistikk eller i teoretisk-analytisk tilnærming til slik journalistikk
Dugleik:
Studenten
- kan identifisere og gjere nytte av relevante forskingsmetodar i praktisk retta produksjonar
- kan utvikle sin eigen prosjektplan i undersøkande journalistikk og gjennomføre sitt eige forskingsprosjekt
- har innsikter i eit bredt spekter av digitale og andre verktøy for datainnsamling og dataanalyse i undersøkande journalistikk
- har ferdigheiter i akademisk skriving og presentasjon
- kan reflektere over, og argumentere for, metodiske og etiske val i arbeidet med eit større prosjekt i undersøkande journalistikk
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og kan praktisere uttrykksformene i journalistikken, eller kan formidle omfattande innsikter i feltet teoretisk-analytisk
Generell kompetanse:
Studenten
- kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og kan praktisere uttrykksformene i journalistikken
- kan arbeide individuelt og i team
- kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar innan undersøkande journalistikk
- har demonstrerte ferdigheiter i akademisk skriving og presentasjon
- har vist løysingsfokusert innsikt i ulike dilemma og utfordringar som oppstår undervegs i større undersøkande prosjekt
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan levere masteroppgåva
Vurderingsformer
Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen.
Masteroppgåva består av:
- produksjonsdel
- metoderapport/teoretisk del - på til saman om lag 50 sider
eller
- ei teoretisk oppgåve på om lag 80 sider
Masteroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust/vår
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.