Hjem
Studentsider
Masteremne

Frå idé til publisering

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeUJO660
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, høgare grad

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane både teoretisk og praktisk kompetanse i å utvikla alle relevante sider ved eit graveprosjekt. Det skal læra studentane å utvikla ein idé til eit fullverdig gravedesign, på alle relevante nivå - frå prosjektstart til publisering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsbytte:

Kunnskapar:

Studenten

  • har grunnleggande kunnskap om det å utvikla design for eit graveprosjekt
  • har avansert, kritisk kunnskap om fordelar og ulemper ved hypotesar og heilskapstenking i utvikling av journalistiske graveprosjekt

Ferdigheiter:

  • Kan utvikla gravedesign
  • Kan drøfta etiske, praktiske og metodiske tema knytt til undersøkande graveprosjekt

Generell kompetanse:

  • Kan sjå gravejournalistikk i større journalistisk samanheng i historie og samtid. 

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Vidareutdanningskurs. Ope for dei som har fått opptak til emnet gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Samlingar, workshops, seminar, førelesingar, gruppearbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Éi deloppgåve under rettleiing undervegs i kurset. Nærare informasjon blir gitt ved kursstart.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Emneoppgåve. Ca. 15 sider (Times 12 punkt, halvannan linjeavstand).

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentar og faglærar etter kvar gjennomføring.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet