Hjem
Studentsider
Masteremne

Reportasjeleiing i undersøkande journalistikk

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, høgare grad

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studenten ei innføring i ein arbeidsmetodikk for gjennomføring av undersøkande journalistiske prosjekt, i rolla som journalist eller som reportasjeleiar/redaktør. Studenten får innføring i korleis ein kan arbeida systematisk gjennom dei ulike fasane i eit undersøkande prosjekt, frå idé til publisert arbeid. Journalist- og reportasjeleiarrolla i slike prosjekt vil bli tematisert og sett i større samanheng, i historie og samtid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsbytte:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om dei grunnleggande sidene ved det å leia eit større graveprosjekt
  • har kunnskap om måtar å systematisera graveprosjekt i eit team
  • har avanserte kunnskapar om leiing, roller og rollefordeling i undersøkande journalistiske prosjekt

Ferdigheiter:

  • kan sjå det utfordrande og det mulege i det å gjennomføra idear for undersøkande jouranlsitiske prosjekt
  • kan ta på seg å leia graveprosjekt av ulik storleik

Generell kompetanse:

  • kan bidra i den generelle diskusjonen i ein redaksjon og i det større journalistiske miljøet om gravejournalistikkens plass og utvikling

Krav til forkunnskapar

 Bachelorgrad eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Videreutdanningskurs. Opent for dei som har fått opptak til emnet gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Samlingar, workshops, seminar, førelesingar, gruppearbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Éi deloppgåve under rettleiing undervegs i kurset. Nærare informasjon blir gitt ved kursstart.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Emneoppgåve

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og  01.12 for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentar og faglærar etter kvar gjennomføring.

Programansvarleg

Institutt for informasjons- og medievitskap

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet

Eksamensinformasjon